Produktutvikling og skapande prosessar (DT-DTH vg1)
Felles programfag saman med:Materiale og teknikkar (DT-DTH vg1)
Visualisering
Du kan gjere tankane og idéane dine synlege for andre gjennom teikningar, modellar, foto eller video. I dette emnet skal vi sjå på ulike visualiseringsverktøy.
Introduksjon til visualisering
Visuelt har å gjere med det å sjå. Når du skal utvikle ein idé, må du gjere han tilgjengeleg slik at andre kan forstå korleis du har tenkt. Samtidig hjelper visualisering deg å planleggje og sjå for deg ulike løysningar.