Oppdrag
Med inspirasjon frå barokken skal du designe ein barokk krage. Kragen skal ha utgangspunkt i halsen og kan byggast ut til å dekke delar av skuldrene og/eller hovudet, ryggen eller brystet. Du skal kunne bruke kragen. Då må han verken vere for tung eller for skrøpeleg.
Materiale og teknikk
Kragen skal vere ein kombinasjon av minimum to materiale, kor minst eitt skal vere eit tekstilt materiale. Bruk minst ein tekstil teknikk i samanføying, dekor eller i konstruksjonen.
Del 1: Utforsk barokken og korleis kragar blir brukte i moderne klededesign
Kollasj (eller collage) er eit bilete som er sett saman av mindre bilete.
- Sett deg inn i kva som kjenneteiknar barokken som periode. Lag ein biletkollasj som viser typiske trekk frå perioden.
- Undersøk korleis kragar blir brukte i moderne klededesign. Lag ny biletkollasj med kragar som tema.
- Finn ut kva som blir meint med skulpturell, og la deg inspirere.
Del 2: Designprosess
Du skal dokumentere designprosessen din med skisser, utprøvingar av materiale og teknikkar. Dette presenterer du i eit dokumentasjonshefte saman med faglege skildringar og vurderingar av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet.
Idéutvikling
Med inspirasjon frå barokken skal du teikne fleire ulike skisser til barokke kragar.
Vel eitt av forslaga som du omarbeider vidare. Bestem kva uttrykk, kjensle, stemning som kragen din skal uttrykke.
Kven er i målgruppa di, og korleis skal dette påverke designet? Kommenter vala du gjer undervegs direkte på skissene.
Prøv ut ulike materiale og teknikkar som kan passe til uttrykket ditt.
Test ut former, gjerne med 3D-skisser i papir. Dette kan danne grunnlag for eit mønster i papir.
Planlegging og produksjon av krage
- Lag mønster og planlegg produksjonen. Bruk materialprøvar og tekniske utprøvingar som utgangspunkt.
- Lag kragen. Hugs å fotografere arbeidsprosessen undervegs.
Del 3: Presenter produktet
Du skal levere eit foto av deg sjølv med kragen på. Smink deg gjerne i samsvar med uttrykket på kragen. Jobb med å lyssetje biletet. Også her kan du la deg inspirere av barokk tradisjon. Dersom du vil, kan du forsterke uttrykket i fotoet i eit biletredigeringsprogram.
Del 4: Eigenvurdering
Beskriv arbeidsprosessen og det ferdige produktet ditt:
- Kva signal ville du at kragen skulle sende ut?
- Kva verkemiddel har du brukt for å skape uttrykket ditt?
- Korleis kan vi sjå at kragen er inspirert av barokken?
- Kva erfaringar har du gjort med teknikkar og materiale?
- Kva har du lært undervegs?
Innlevering
- Skulpturell krage inspirert av barokken
- Foto av deg sjølv med kragen på
- Dokumentasjonshefte:
- skisser og idéutvikling
- material- og teknikkprøvar
- skildring og foto frå produksjonsprosessen
- eigenvurdering av arbeidsprosessen og den ferdige kragen