Kjemi er eit område vi har kontakt med til dagleg. Her kan du lære nokre grunnomgrep, fundamentet for alt som har med kjemiske bindingar og reaksjonar å gjere.
Kva består stoff av?
Så lenge menneska har levd, har dei sikkert stilt seg dette spørsmålet og prøvd å finne svar på det. Hellenarane i oldtida er kjende som store tenkjarar. Dei filosoferte ofte over kva materien består av, og kom så langt at dei forstod at det måtte vere eit mindre tal på stoff som gjennom foreiningar bygde seg opp til meir samansette stoff. Det blei etter kvart vanleg å kalle desse byggjesteinane element, eller grunnstoff som vi kallar dei i dag.
Ein del av dei stoffa vi ser kvar dag, finn vi i naturen, og vi bruker dei nesten slik vi finn dei, til dømes tre, vatn, grus og stein. Nokre stoff lagar vi på ein enkel måte av råstoff frå naturen, til dømes metall frå malm, teglstein frå leire eller tretjøre frå tre. Andre stoff er laga på ein innvikla måte av naturlege råstoff, til dømes medisinar og kunststoff frå jordgass og olje.
Nokre av stoffa kjenner du godt, fordi du har sett dei ofte og veit kva vi kallar dei. Du veit òg at det finst stoff du ikkje kan sjå, til dømes luft, men slike stoff kan vi ofte sanse på annan måte.
Sjølv om du kjenner namna på mange stoff, forstår du lett at det ikkje er tilstrekkeleg til å kunne seie nøyaktig kva dei er bygde opp av. Samlar du nokre steinar frå bakken, ser du at dei er forskjellige. Du forstår at ordet stein ikkje alltid tyder det same.