Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Yrkessituasjonar

    Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.

    På jobb som tannhelsesekretær

    Tannhelsesekretæren har både helsefaglege og administrative arbeidsoppgåver. Du skal ta imot førespurnader frå pasientar og setje opp timeavtalar, og som tannhelsesekretær har du ansvaret for hygienetiltaka på tannklinikken. Du skal òg assistere tannlegen under pasientbehandling.