Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Yrkessituasjonar

    Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.

    På jobb som portør

    Ein portør transporterer pasientar og utstyr til ulike avdelingar. Det kan vere behov for transport innanfor ein institusjon, ofte sjukehus, eller til andre stader. Som portør kan du jobbe på offentlege sjukehus, i private sjukehus, sjukeheim eller andre institusjonar.