Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Yrkessituasjonar

    Yrkessituasjonar er beskrivingar av ulike situasjonar du skal lære om for å sjå samanhengen mellom teori og praksis. Desse oppgåvene kan vere nyttige for å få innsikt i dei ulike yrka innan helse- og oppvekstfag, og når du skal førebu deg til praksisperiodar.

    På jobb som ortopediteknikar

    Som ortopediteknikar er det avgjerande at du har kunnskapar om det naturlege rørslemønsteret til kroppen, teknisk kompetanse og gode handverksevner. Du må òg vere kreativ for å finne så gode løysingar som mogleg tilpassa behova og ønska til kvar enkelt pasient.