Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Kosthald og ernæring

    Kunnskap om kosthald og ernæring er viktig for deg som skal jobbe i yrke innanfor helse- og oppvekstsektoren. Måltida er ein viktig del av kvardagen for alle aldersgrupper, og innhaldet av næringsstoff i maten og variasjon i råvarer er viktig for ei god helse.

    Matvaregruppene

    Matvarene blir delte inn i grupper etter som kva slags næringsstoff dei inneheld og type matvare det er. Som fagarbeidar skal du kunne setje saman og lage enkle måltid og vurdere energi- og næringsinnhald i tråd med kostråda frå helsestyresmaktene.