Helse og oppvekst
Kommunikasjon og relasjon
Menneskeleg kommunikasjon kan gå føre seg på ulike måtar og har som mål at kvart individ får formidla tankane og behova sine. Det kan gå føre seg verbalt (språkleg) og ikkje-verbalt ved hjelp av kroppsspråk eller til dømes lydar, peiking eller augekontakt.
Sosial og kulturell kompetanse
Fagarbeidarar innan helse- og oppveksttenestene møter menneske frå mange ulike kulturar, i ulike aldrar og livssituasjonar både som tenestemottakarar, pårørande og kollegaer. Når du skal samarbeide med ulike menneske, er det viktig å reflektere over korleis veremåten din blir opplevd av andre.