Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Helse og livsstil

    Helsa di blir påverka av kva for livsstil du vel. Som fagarbeidar skal du bidra til å fremje ein aktiv og sunn livsstil og rettleie brukarane av helse- og oppveksttenester til å gjere gode val for si eiga helse.

    Helseinformasjon frå ulike kjelder

    Ulike nettsider byr på mykje informasjon om helse og livsstil, og dette påverkar oss i ulik grad. Som fagarbeidar må du ha digital dømmekraft og kunne vurdere helseinformasjon frå ulike kjelder kritisk. Du må òg vise nettvit i arbeidet.