Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Profesjonell yrkesutøving

    Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene må du vite kva som blir forventa av ein profesjonell yrkesutøvar. Kunnskapar om velferdsteknologi, etiske retningslinjer og gjeldande regelverk er naudsynt. Du treng også innsikt i andre yrker og å kunne samarbeide på tvers av yrkesgrupper.

    Yrka innan helse- og oppvekstfag

    I helse- og oppveksttenestene er det mange yrkesgrupper som til saman har brei kompetanse. Etter Vg1 helse- og oppvekstfag kan du velje mellom ulike yrkesfag med læretid som fører fram til fagbrev, eller yrkesutdanningar der du søkjer om autorisasjon etter tre år på skule.