Hopp til innhald

Helse og oppvekst

    Profesjonell yrkesutøving

    Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenestene må du vite kva som blir forventa av ein profesjonell yrkesutøvar. Kunnskapar om velferdsteknologi, etiske retningslinjer og gjeldande regelverk er naudsynt. Du treng også innsikt i andre yrker og å kunne samarbeide på tvers av yrkesgrupper.

    Etikk i arbeidet

    Etikk handlar om kva slags haldningar og verdiar du har, og som framtidig fagarbeidar skal du utvikle desse. Du får utfordringar gjennom utdanninga di som skal gjere deg bevisst på framtidige val og refleksjonar.