Hopp til innhald

Fagstoff

Oversikt: vikingtida

I 250 år reiste nordmenn, svenskar og danskar ut i verda for å busetje seg, drive handel, erobre, krige og plyndre. Sjølv om dette er 1 000 år sidan, har vikingtida sett djupe spor i norsk kultur og identitet.

Vikingtid og yngre jernalder

Arkeologane kallar gjerne vikingtida for yngre jernalder. Jernalderen var den perioden i norsk historie då ein begynte å ta i bruk jern til reiskapar og våpen. I Noreg begynte ein med dette rundt 500 f.Kr. Ein hadde altså brukt jern i Noreg i cirka 1 300 år då vikingtida begynte. Jern var viktig i teknologien til vikingane, til dømes i skipsbygging og til våpen.

Vikingtid og tidleg mellomalder

Vikingtida overlappar med epoken som i europeisk historie blir kalla tidleg mellomalder. Årsaka til at historikarar som regel ikkje bruker same namn på epoken i norsk historie, er at kjenneteikna på tidleg mellomalder i Europa ikkje stemmer med norske forhold. Noreg var ikkje hovudsakleg prega av katolsk kristen kultur, men av vikingane sin eigen kultur og norrøne religion. Det same gjeld for Sverige og Danmark og dei områda vikingane slo seg ned i.

Starten: Lindisfarne

Startpunktet til epoken er sett til omtrent 800, sidan den tidlegast kjende vikingferda skjedde i 793: angrepet på klosteret på øya Lindisfarne i Nord-England. Dette markerer starten på ein 250 år lang periode då nordmenn, svenskar og danskar reiste til store delar av Europa og til og med til Nord-Amerika.

Kvifor reiste vikingane?

Opphavet til ordet "viking" er omdiskutert, men det er truleg knytt til det å reise ut – å "dra i viking". Ein viking er då ein som reiser ut i verda. Desse reisene var moglege mellom anna på grunn av ein avansert skipsteknologi. Rikdom og ære var mykje av motivasjonen for å reise ut, anten ein dreiv med fredeleg handel eller plyndringstokt og krig. Andre reiste ut for å finne ledig land der dei kunne slå seg ned og drive jordbruk.

Vikingkulturen og vikingsamfunnet

Noreg bestod i vikingtida av ei rekkje mindre høvdingdømme. Høvdingane konkurrerte seg imellom om makt og ære. Rikdommane frå vikingtokta blei ofte brukte for å kjøpe seg støttespelarar.

Sjølv om vi assosierer vikingtida med blodtørstige krigarar, var nordmenn flest jordbrukarar. Dei dreiv òg med jakt og fiske. Kvinnene kunne ha mykje makt i vikingsamfunnet, spesielt når mennene var ute på vikingferd, eller når dei blei enkjer. Det var òg vanleg å ha slavar, såkalla trælar, som jobba på gardane.

Religion var ein viktig del av kvardagen. Trua på Tor og Odin og dei andre dei norrøne gudane var knytt til jordbruk og jakt, men òg til makt, krig og samfunnsstrukturar. Ofring var ein viktig del av den religiøse praksisen.

Slutten: Stiklestad eller Stamford Bridge?

Slutten av vikingtida har ofte blitt sett til slaget ved Stiklestad i 1030 eller slaget ved Stamford Bridge i 1066, men slike klare skilje blir ofte ganske kunstige. Det blir meir riktig å seie at avslutninga på vikingtida og overgangen til mellomalderen skjedde gradvis i takt med kristning og rikssamling, og når indre konfliktar og borgarkrigar tok over for ytre ekspansjon. Derfor er det òg ganske vanleg å rekne slutten av vikingtida til omtrent 1050.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.11.2020

Læringsressursar

Vikingtid