Hopp til innhald

Fagstoff

Samisk matkultur

I samisk matkultur er det lange tradisjonar for å produsere og sanke mat vi har god tilgang på i Noreg. I filmen møter du Máret Ravdna Buljo som formidlar samisk matkultur. Ho vann Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris i 2019. Filmen viser døme på samisk matkultur.

Refleksjonsoppgaver til filmen

Sjå filmen om samisk matkultur og svar på oppgåvene under.

Påstand A:
Mange forventar å finne ferske bær i butikken heile året. Desse er frakta lange avstandar frå utlandet til Noreg med ulike transportmiddel. Færre og færre er på blåbærtur om hausten for å fryse eller sylte bær til vinteren, mens fleire og fleire er opptekne av klima.

Påstand B:
Omgrepet sesongvarer er nesten ikkje å finne meir fordi alle forventar å finne dei ulike råvarene heile året. Den neste generasjonen har ikkje vakse opp med sesongvarer som fisk og skaldyr, frukt og bær og kjøt.

Oppgåver

  1. Drøft påstand A og B.
  2. Gi døme på korleis du som framtidig fagarbeidar kan nytte naturressursane vi allereie har i Noreg.
  3. Gi døme på ulike sesongvarer som er ekstra viktige på kjøkkenet til ein kokk, ut frå smak og kvalitetskriterium.
  4. Den samiske matkulturen er kjent for å ha som mål å nytte heile dyret, heile råvara og å hauste sesongvarer for å ha eit lager utover vinteren.
    1. Tenk deg ein dag du er på kjøkkenet og ta for deg ein grønsak og ei anna råvare og beskriv korleis du kan utnytte denne endå betre. Til dømes gulrot, potet, brokkoli eller torsk med innmat.
    2. Korleis kan du bidra til redusere matsvinn på kjøkkenet?
    3. Kvifor er den samiske matkulturen oppteken av å nytte heile dyret?
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 16.12.2019

Læringsressursar

Samisk matkultur