Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikning av næringsinnhald

Dette er ei oppgåve der du skal velje eit mindre sunt produkt og sjå kor mykje sunn mat som gir same mengde energi.
Ein glasdisk fylt med ulike typer bakverk, smurde bagettar og sushi. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

For å gjere denne oppgåva er det greitt å nytte Kostholdsplanleggeren.

Oppgåve

  1. Kor mange kJ er det i ein 100 grams muffins med sjokoladebitar som du kjøper i butikken?
  2. Kor mykje sunne matvarer kan du ete til lunsj for tilsvarande energi kJ?
  3. Kor mange kJ er det i eit kjøpt skulebrød med melisglasur, eggekrem og kokos?
  4. Kor mykje sunne matvarer kan du ete til lunsj for tilsvarande energi kJ?
  5. Samanlikn andre matvarer med kvarandre, og lag ei liste og heng opp i klasserommet.

Det er dei energigivande næringsstoffa som gir oss energi:

  • 1 g feitt = 37 kJ eller 9 kcal
  • 1 g protein = 17 kJ eller 4 kcal
  • 1 g karbohydrat = 17 kJ eller 4 kcal
CC BY-NC-SARettshavar: Matportalen
Sist fagleg oppdatert 04.01.2023

Læringsressursar

Energi og næringsstoff