Hopp til innhald
Oppgåve

1-2-3 kok

Dette er ei oppgåve der elevane må følge eit budsjett og lage eit sunt og rett samansett måltid.

Informasjon om oppgåva

I denne oppgåva skal de delast inn i små grupper, og kvar gruppe skal førebu og lage eit måltid etter eige val på kjøkkenet. De avgjer sjølve kor stort eller lite måltidet skal vere.

Når de vel matrettar, må de tenke på sunnheit, smak, konsistens og lukt.

Oppgåve

  1. De har berre X kroner til råvarer, og måltidet må dekke dei nasjonale anbefalingane for energi: karbohydrat (45–60 E%), feitt (25–40 E%) og protein (10–20 E%).
  2. De må utarbeide ei handleliste og skrive ned framgangsmåte for matrettane, og levere dette til læraren ei veke før kjøkkenleksjonen.
  3. Læraren informerer dykk om kor mykje tid kvar gruppe får til å lage rettane på kjøkkenet. Det er viktig at de bereknar kor lang tid de har til rådvelde, og kor lang tid de kjem til å bruke på å lage rettane og dekke bord.
  4. Gruppa skal òg dekke eit pent bord som passar med rettane de har valt å servere, og årstida de er inne i.
  5. I tillegg skal de førebu informasjon om korleis måltidet er samansett, kva for vitamin og mineral det inneheld, og kvifor måltidet dykkar er eit sunt og godt alternativ. Bruk kosthaldsplanleggaren til å rekne ut korleis måltidet er samansett.

Kvar gruppe blir vurdert ut frå

  • korleis måltidet er samansett
  • informasjonen om måltidet
  • smak, lukt og konsistens
  • borddekking

Relatert innhald