Oppgåve
Sukkerinntaket
Kor mykje sukker får ein i seg over ei viss tid? Barn og unge får i seg for mykje sukker i høve til kva som er tilrådd. Kor mykje sukker et du og klassen din? Er de innanfor anbefalingane om å ikkje ete meir enn maksimum 50 g sukker per dag?
Denne oppgåva går over tre dagar, der du skal skrive ned alt sukkeret du et. Vidare skal du samanlikne gjennomsnittsinntaket ditt med inntaket til medelevane dine, og vurdere dette opp mot det som er tilrådd.
Oppgåve
- Skriv ned alle dei sukkerhaldige produkta du et i løpet av desse tre dagane.
Rekn ut kor mykje sukker det er i matvarene. For enkelte matvarer blir ikkje tilsett sukker oppgitt på pakka, men dersom du ser på ingrediensane, står sukkeret oppført. Desse matvarene kan du kontrollere ved å bruke matvaretabellen.no.
- Etter at dei tre dagane er gått, legg du saman kor mange gram sukker du har fått i deg, og reknar ut gjennomsnittleg inntak per dag. Samanlikn med dei andre i klassen, og rekn ut kor mange gram sukker de har ete, både til saman og gjennomsnittleg per elev.
- Kostråda rår oss til å ikkje ete mat og drikke som inneheld sukker, til kvardags.
- Tilsett sukker bør ikkje bidra med meir enn 10 prosent av energiinntaket per dag.
Døme
Døme på matvarer som inneheld sukker, og korleis du kan rekne ut inntaket ditt:
- ½ liter brus inneheld 10 g sukker per 100 g matvare.
- 40 g mjølkesjokolade inneheld 44,6 g tilsett sukker per 100 g matvare.