Hopp til innhald

Fagstoff

Matmerking

Alle produkt vi pakkar og byr fram for sjølvbetent sal, skal oppfylle generelle krav til merking på etikett.
Forklaringer av merkinga på pølsepakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Generelle krav

Krav om merking av mat finn vi i matinformasjonsforskrifta. Dei generelle krava til merking er:

  • varenemning
  • ingrediensliste. Ingrediensane skal stå i fallande rekkefølge med den ingrediensen det er mest av, først. Allergen skal uthevast spesielt.

  • tilsetjingsstoff. Allergen skal uthevast spesielt.
  • kvantifisering av visse ingrediensar eller kategoriar av ingrediensar
  • nettoinnhald (vekt eller volum)
  • haldbarheit
  • næringsinnhald. Ein skal gi opp energiinnhaldet i vara, og kor store mengder av protein, feitt og karbohydrat ho inneheld. Metta feitt er den einaste feittsyra som regelverket seier skal merkast. Alle produkt som inneheld natrium, skal merkast med saltinnhald.
  • særlege vilkår for oppbevaring og/eller bruk (døme: "Blir oppbevart i kjøleskap etter opning.")
  • namn og adresse på næringsmiddelføretak
  • opphavsstad (land) for ferskt, kjølt eller frose kjøtt av storfe, svin, geit, sau og fjørfe
  • bruksrettleiing i dei tilfella der det elles vil vere vanskeleg for kunden å nytte produktet på riktig måte

Når det gjeld uemballerte produkt som blir selde frå betent disk, skal du alltid kunne svare kunden på kva produktet inneheld. Dette kravet kan bli oppfylt ved at merking er lagd inn i vekta og kjem på etiketten, eller ved at du oppbevarer etikettar frå ein leverandør i ein eigen perm i ferskvara. Kunden skal kunne lese informasjon om allergen utan å spørje beteninga først.

Bruk av digitale verktøy til merking av mat

Det finst mange variantar av digitale verktøy til å merke mat for sal.

I butikk og ferskvareutsal blir det gjerne brukt ei digital kjøkkenvekt med etikettskrivar. Denne vekta har mange funksjonar, og ho er laga slik at du kan legge inn ulike varer og informasjon som mellom anna produktnamn, utløpsdato, pris per kilo, ingredienslister, næringsinnhald og allergen. Når du då legg vara på vekta, blir prisen rekna ut automatisk. Du kan òg velje å skrive ut ein etikett med all informasjonen du treng for å merke varene.

I industrien blir det brukt meir avanserte pc-styrte system og automatiske etiketteringsmaskiner.

Registreringsapparatet i ein ferskvaredisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spesielle merkekrav

  • Rått kjøtt av storfe skal merkast med opphavsland, slaktestad (nummer), nedskjeringsstad (nummer) og referansenummer. Dette merkekravet kjem i tillegg til generelle krav om merking.
  • Fersk sjømat skal merkast med produksjonsmetode, fangststad og dessutan fangst- eller slaktedato. Viss den ferske sjømaten blir seld frå betent disk, skal dette vere merkt på skilt i/ved fiskedisken.
  • Produkt som er tinte, skal merkast med "Opptint".
  • Produkt av frose kjøtt, frose omarbeidd kjøtt og frosne uforedla fiskerivarer som blir selde som frysevare, skal påførast innfrysingsdato.

Sporbarheit

Ein må dokumentere sporing på produkt for å få rask tilgang til riktige opplysingar ved eventuelle tilbaketrekkingar så ikkje utrygge matvarer når kundane. Varer både på kjøl/frys og varer eksponerte i kjøtt-, fisk-, ost- og varmedisk skal kunne sporast tilbake med batch/lotnummer. Dette kan til dømes vere produksjonsloggar på ferdigmat.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Rune Stavrum og Linn Michael.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2023

Læringsressursar

Emballering og merking