Hopp til innhald

Fagstoff

Allergenmerking

Mange reagerer på mat. Når du skal servere eller selje mat til andre, må du vite korleis du skal merke varene rett, slik at kundane får den informasjonen dei treng.
Symbol som illustrerer allergena soya, egg, skaldyr, peanøtter, kornslag og fisk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Offisiell allergenliste

Ved allergi reagerer kroppen på naturlege stoff i maten. Desse stoffa blir kalla allergen. Det finst ei offisiell liste med dei 14 vanlegaste allergena. Alle er pliktige til å merke mat som blir omsett, med desse allergena, både ferdigpakka og ikkje-ferdigpakka mat. Krav til merkinga finst i matinformasjonsforskrifta.

Det skal alltid informerast når matvarer inneheld nokre av desse ingrediensane:

Meny med allergenmerking av tre rettar. På menyen står det Smørbrød med egg. Inneheld egg, kveite, soya og mjølk. Tunfisksalat. Inneheld fisk, selleri og sennep. Couscous med kylling. Inneheld kveite og selleri. Illustrasjon.
  • skaldyr

  • egg

  • fisk

  • peanøtter

  • soya

  • mjølk

  • selleri

  • sennep

  • sesamfrø

  • sulfitt

  • lupin

  • blautdyr

  • nøtter

  • korn som inneheld gluten

Merk at kornslag og type nøtt alltid skal gis opp. Det er for lite spesifikt å berre skrive korn eller nøtter.

Merking av allergen i ikkje-ferdigpakka mat

Ikkje-ferdigpakka mat er mat som blir seld over disk i til dømes eit bakeri, ei kantine eller på ein restaurant. Sidan vara er upakka, må kunden finne allergenmerkinga på eit anna vis enn på emballasjen.

Merkinga skal vere lett å finne, skriftleg og synleg for kundane slik at dei slepp å spørje beteninga.

Informasjonen kan givast i menyen, på skjerm, plakat eller på skilt slik at det ikkje er til å misforstå. Nokon vel å setje alle opplysningane i ein perm, med eit skilt i lokalet som viser til permen. Det er då viktig at permen ligg lett tilgjengeleg ved dei aktuelle matvarene. Det er du som seljar som er ansvarleg for at informasjonen om allergen er korrekt. Nokre menneske er veldig allergiske, og dei må kunne stole på at det blir gitt rett informasjon.

Døme på bruk av tabell i allergenmerkinga på ein utsalsstad
Type rettKorn som inneheld gluten*Nøtter*FiskPeanøtterSoyaMjølkSelleriSennepSesamfrøSulfittLupinBlautdyrEggSkaldyr
SuksessterteHasselnøttxx
BlåbærmuffinsKveitexxx

I tabellen er det ei stjerne ved nøtter og kornslag, for desse må ifølge lova merkast med type nøtt og type kornslag.

Merking av drikkevarer

Drikkevarer som vin, øl, drinkar og smoothies skal òg allergenmerkast. Kravet om allergenmerking gjeld både alkoholfrie og alkoholhaldige drikker.

Allergenkort

Her kan du laste ned mal på allergenkort du kan bruke som skilt ved sida av ikkje-ferdigpakka mat.

Filer

Merking av allergen i ferdigpakka mat

Ferdigpakka mat er mat som er dekt av emballasje, slik som dei fleste matvarer i ein daglegvarebutikk. På emballasjen skal forbrukaren kunne finne informasjon om kva vara inneheld. Allergenmerkinga skal vere tydeleg framheva i ingredienslista, med til dømes feit skrift, kursiv skrift eller understreka skrift.

Ingrediensliste frå brød. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Kan innehalde spor av ..."

På varedeklarasjonar står det ofte "kan innehalde spor av ...", og dette inneber at produktet kan innehalde ørlite grann av ein oppgitt ingrediens som kan framkalle allergi. Vi som produserer mat til andre, skal aldri ta nokon sjansar i denne samanhengen, og vi lagar aldri mat til ein nøtteallergikar med matvarer der det står "spor av nøtter", viss ikkje anna er avtalt med den som skal ete maten.

Produkt som tydeleg viser at dei er eit allergen, til dømes mjølk, er haldne unna regelverket om allergenmerking.

Det er òg andre matvarer som nokon kan få ein allergisk reaksjon av, som ikkje er merkepliktig per i dag. Døme på det er kvitlauk, sitrusfrukter og steinfrukter. Sitrus blir ofte tilsett i mat som tilsetjingsstoff (E-nummer), derfor er det viktig å lese ingredienslista nøye på produkt som blir brukte i mat, òg ved desse allergiane.

Kjelde

Mattilsynet. (2015). Informasjon om allergener for ikke-ferdigpakket mat.[brosjyre]. https://www.mattilsynet.no/om_mattilsynet/gjeldende_regelverk/veiledere/informasjon_om_allergener_for_ikkeferdigpakket_mat.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2022

Læringsressursar

Emballering og merking