Kroppsøving (vg2)
Øvingsbank
Her finn du øvingar der du treng fysiske og koordinative eigenskapar.
Styrke
Styrke er muskelen si evne til å utvikle kraft, og er ein viktig basiseigenskap. Å trene styrke er gunstig for helsa, og viktig for å prestere godt i ulike aktivitetar.
Skadeførebyggjande trening
Muskel- og skjelettplagar er svært vanleg. Det skuldast at musklar, sener eller ledd blir utsette for ei større belastning enn dei toler. Ved skadeførebyggjande trening styrkjer du område som er utsette for skadar. Her finn du enkle øvingar du kan gjennomføre heime eller på skulen.