Hopp til innhald

Fagstoff

Turplanlegging

Før du skal ut på tur, er det lurt å planleggje blant anna kvar du vil fare, kva du vil ha med deg og sjekke vêrmeldinga. Er du betre budd, er sjansen større for at du får ein vellykka tur.
Bål ved vasskanten om hausten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ting du bør tenkje på før du skal på ein tur

  1. Stad

    • Kvar vil du fare?
    • Har du kart over området? Kvar kan du finne dette?
    • Kor langt skal du gå? Korleis er terrenget?
  2. Vêr og føreforhold

    • Korleis er vêret meldt når du skal på tur?
    • Kva inneber det?
    • Korleis må du kle deg?
  3. Utstyr

    • Kva treng du å ha med deg på tur?
    • Skal du brenne bål eller lage mat?
    • Kva for forholdsreglar må du ta då?
    • Kva for ekstra utstyr treng du?
  4. Uventa hendingar

    • Kva kan skje av uventa hendingar på ein slik tur?
    • Korleis løyser du dette?
    • Kva for utstyr treng du for å handtere det?

Oppgåve

Du skal på ein dagstur med to gode vener. De skal fyre bål og lage ein enkel matrett på bålet. De skal gå minst to kilometer fram til "leirplassen", og delar av strekninga må vere på sti. Planlegg turen ved å følgje lista over.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 23.10.2019

Læringsressursar

Naturferdsel