Hopp til innhald

Fagstoff

Fagdag i naturferdsel, Vg1

For å få eit forhold til naturen og ha lyst til å dra på tur, må du halde til tid i naturen. Ein godt planlagd fagdag kan bidra til både naturoppleving, kunnskap om naturen, nysgjerrigheit og meistring.
Ei jente sit på ei høgde med nydeleg utsikt og held i ein kikert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne ressursen er det overordna målet at de skal få eit godt forhold til naturen og naturferdsel. Målet er òg at de skal ha nok kunnskap om og føle dykk tryggje nok i naturen til at de kan dra på tur på eiga hand og bruke naturen òg etter avslutta skulegang.

Det er lagt opp til ein progresjon frå Vg1 til Vg2 og Vg3. Gjennom alle tre åra er fokuset på naturoppleving og basisferdigheiter. Naturoppleving betyr i denne samanhengen å bli glad i og setje pris på naturen. Basisferdigheiter betyr grunnleggjande ferdigheiter som påkledning, bruk av kart og kompass, bålfyring og sporlaus ferdsel. Med ein progresjon kan de strekkje dykk frå år til år og samtidig oppleve meistring. Her er det òg mogleg å kople inn det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling.

4 + 4 timar fagdag i eit skogsområde i nærmiljøet

Tips til læraren

Tips til vellykka opplegg

Ikkje gap over for mange læringsmål samtidig. Det tek tid å utvikle seg i naturferdsel og friluftsliv. Ein må prøve og feile gjentekne gonger for å meistre og erfare.

Tips til førebuing

Praktisk gjennomføring

  • Utgangspunktet for opplegget er to halve fagdagar med stasjonsundervisning.
  • Alle skal innom alle stasjonane.
  • Del elevane inn i grupper og fordel dei på åtte postar. Kvar gruppe gjennomfører fire postar den eine gongen og dei fire neste den andre gongen.
  • For dei gruppene som ikkje skal lage eige bål (post 7), blir det likevel matpause på slutten av dagen med samling rundt bålet til ei av dei andre gruppene.


Læringsmål

Eleven skal

  • få ei god oppleving av å vere ute i naturen
  • kjenne til basisferdigheiter som er viktige for å dra på tur på eiga hand

    • kle seg tilpassa til vêret (kjenne til tre-lags-prinsippet), og grunngi kvifor dette er gunstig
    • bruke kart og kompass til å orientere seg i kjent og ukjent terreng (ved hjelp av leielinjer)
    • fyre bål og gjere vurderingar kring bålfyring
    • laga enkel mat på bål
    • ta omsyn til naturen og sporlaus ferdsel

Stasjonar

Berekn kring 20 minutt per stasjon. Nokre stasjonar krev meir rettleiing enn andre. Ved ei god førebuing er det mindre behovet for rettleiing på stasjonane.

Post 1. Landart

Landart er ein kunstform der de bruker det de finn i naturen og set det saman til vakre former og installasjonar. Kva finn de i naturen? Kva kan de lage av dette? Ver kreative og bruk fantasien. Lag eit kunstverk av ting de finn i naturen, anten saman i gruppa eller kvar for dykk. Ta bilete av det.

Post 2. Kart og kompass

Diskuter i gruppa, eventuelt òg med faglærar. Bruk gjerne to ulike kart for å svare på oppgåvene, til dømes eit orienteringskart og eit turkart, begge bør dekkje området fagdagen går føre seg på.

  1. Kva betyr det at målestokken er 1:50 000, 1:25 000, 1:100 000?

    • Kor mange meter er dette i verkelegheita?
    • Kva er grønt, blått og brunt på kartet?
    • Korleis ser ein stein ut på kartet?
    • Korleis ser ein stig ut, og korleis ser ein veg ut?
    • Kva betyr det at ekvidistansen er 20 meter?
  2. Orienter kartet ved hjelp av kompasset, slik at kartet stemmer med terrenget og kartet er orientert mot nord.
  3. Leielinjer er detaljar på kartet som er lett å følgje i terrenget. Få eitt døme frå kartet av faglærar. Kan du finne fleire døme på leielinjer på kartet?
  4. Gå ein runde i ei merka løype med eit kart over området. (Løypa kan vere merka i terrenget med til dømes raude band.) Følg merkinga og merk av på kartet der du finn ein orienteringspost. Legg merke til kva for detaljar som finst der o-posten er.

Post 3. Plast – genialt eller idioti?

Plukk søppel på veg til plassen der fagdagen skal vere. Det kan vere lurt å ha med noko å plukke i. Sjå på søpla, gå igjennom ho og finn nedbrytingstid. Bruk oversikta over nedbrytingstid for avfall i Plast i naturen – plogging.

  • Kva av søpla gruppa har plukka, har lengst og kortast nedbrytingstid?
  • Kva for konsekvensar kan det ha for nærmiljø, friluftsliv og naturoppleving om søpla blir liggjande?
  • Kva siger allemannsretten om søppel i naturen? (Det er lov å bruke telefonen.)
  • Føreslå ei løysing på utfordringa med forsøpling i naturen som gjer at folk blir motiverte til å ta med søpla heim.

Post 4. Skogens ro

Ta med deg sitjeplata di. Finn deg ein plass for deg sjølv under eit tre eller på ein stein, eller på ein annan plass du synest er fin. Sit der i minimum 5 minutt. Bruk sansane dine, eller berre tankane. Set mobiltelefonen på lydlaus eller i flymodus og legg han bort.

Post 5. Tre

Raude haustblad i grøn mose. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plukk blad og kvistar frå tre du ser. Finn ut kva for type tre dette er, bruk gjerne ein app eller søkjemotor på telefonen for å bestemme kva for art det er du har plukka.

Veit du forskjellen på lauvtre og bartre? Klarar du å finne døme på begge? Ta bilete av blada du finn.

Post 6. Digital forteljing

På denne stasjonen skal du starte på videoinnleveringa frå fagdagen. Last ned ein app til videoredigering, om du ikkje allereie har ein på telefonen. (Viva video er gratis og kan fungere godt til denne oppgåva.) Du skal førebu deg på å lage ei digital forteljing, der du har med både bilete og video frå fagdagen og legg til tekst, stemme og musikk. Finn ut korleis du kan leggje inn video, bilete og å leggje på tekst og stemme.

Post 7. Bålfyring

Kaffikoking på eit firkantbål. Foto.

Ta utgangspunkt i ressursen Bålfyring. Alle har med seg to vedkubbar kvar.

  • Utarbeid minimum fire reglar om bålfyring saman i gruppa før de går i gang.
  • Lag eit firkantbål slik som i filmen.

Post 8. Lag mat på bål

Lag enkel mat på bål. Bruk gjerne ressursen Mat på tur som inspirasjon!


Vurdering

For at det skal skje læring, må du jobbe med noko, omarbeide det og gjerne òg reflektere over kva du har gjort i etterkant ved å formidle det med eigne ord. Ved å lage ei digital forteljing med video, bilete, tekst, stemme og musikk kan du setje personleg preg på innleveringa. Ved å formidle noko til nokon andre (som er det du gjer når du lagar ein video), får du omarbeidd det du har jobba med endå ein gong. Sjå punkta under for nærare beskriving.

  1. Kva betyr naturen for deg? Prøv å formidle dette ved å bruke både video, bilete og stemme.
  2. Kva jobba du med, og korleis jobba du på dei ulike stasjonane (post 1, 2, 3, 5, 7, 8)? Lærte du noko? Svar på spørsmålet ved å leggje til bilete og video frå postane. Legg òg på stemme og tekst for å beskrive meir.
CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 15.12.2020

Læringsressursar

Naturferdsel