Kroppsøving (vg2)
Fysiske og koordinative eigenskapar
Uthald, styrke og rørsleevne er fysiske eigenskapar som betyr noko for prestasjonen i idrettssamanheng, men det er òg eigenskapar som påverkar helsa vår.
I denne delen får du vite meir om desse eigenskapane, om oppvarming og om dei koordinative eigenskapane.
Styrke
For å fungere i dagleglivet på skule, i arbeid og i fritid er vi avhengige av at muskelsystemet fungerer. Vi treng sterke musklar til mange vanlege formål, til dømes når vi skal løfte eller skyve ein gjenstand.