Kroppsøving (vg2)
Rørsleaktivitet
Kroppen er laga for å vere i rørsle. Ved å vere i regelmessig aktivitet held vi oss i form og reduserer risikoen for å få sjukdommar og skadar. Det finst mange ulike aktivitetar du kan drive med. I dette emnet har vi samla idrett, dans og andre aktivitetar.
Idrettar
Historia til idretten går fleire tusen år tilbake i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i England på 1700-talet.
Orientering
Orientering er ein idrett som går ut på å finne ulike postar i eit avgrensa område. Vanskegraden på løypene varierer frå barneorientering og turorientering til vanskelege løyper for dei som driv med konkurransar. I emnet orientering skal du lære om korleis du orienterer best og raskast mogleg.