Kroppsøving (vg2)
Rørsleaktivitet
Kroppen er laga for å vere i rørsle. Ved å vere i regelmessig aktivitet held vi oss i form og reduserer risikoen for å få sjukdommar og skadar. Det finst mange ulike aktivitetar du kan drive med. I dette emnet har vi samla idrett, dans og andre aktivitetar.
Idrettar
Historia til idretten går fleire tusen år tilbake i tid. Kinesarane dreiv med idrett for 4000 år sidan, og dei gamle egyptarane dyrka idrettar som symjing, fisking, spydkast, høgdehopp og bryting. Den "moderne" idretten, derimot, oppstod først i England på 1700-talet.
Volleyball
I 1895 fann William G. Morgan opp spelet mintonett, for at folk skulle ha ein lett måte å trimme på. Spelet vart etter kvart til det vi kjenner som volleyball, og er i dag ein av dei største idrettane i verda.