Retten til privatliv og personvern er like viktig som ytringsfridomen. Og akkurat som med ytringsfridomen finn vi retten til personvern og privatliv både i Grunnloven og i Den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Personvernet sikrar oss retten til å tenkje og diskutere fritt utan å bli overvaka og kontrollerte. Og det sikrar at personlege opplysingar ikkje «kan bli trekte fram og gjorde til allmenn merksemd». Datatilsynet skriv meir om det her: Hva er personvern?
Ditt personvern
Tenk berre om vi ikkje hadde eit slikt vern. Då kunne kven som helst ha sett opp kamera i garderoben, filma det som gjekk føre seg, og lagt det ut på Internett, utan fare for å bli straffa for det. Og om nokon fekk tak i nakenbilete av deg, kunne dei spreie bileta i sosiale medium, trykkje dei opp på plakatar og hengje dei overalt på skulen. Ein kunne spreidd hat og rasisme, og ein kunne unnskylda alt med: «Ja, men eg har jo ytringsfridom!»
Slik er det heldigvis ikkje!
Tenk etter!
- Deler du mykje eller lite informasjon om deg sjølv?
- Kvar går grensa di for kva andre kan dele om deg?
- Kvar går grensa di for kva du sjølv deler om deg sjølv?
- Kvar går grensa di for kva du deler om andre?
- Hugsar du å spørje andre om lov?
Personvern, allmennheita si interesse og pressefridom
NRK filma to fulle jenter i ein hotellobby og tok med klippa i eit program som heitte Fylla. I dette tilfellet kan retten til personvern brukast som argument for at NRK ikkje burde vist klippet.
På den andre sida kan det vere i allmennta si interesse å vite mest mogleg om ungdom og rus. Journalistikk som viser kva som faktisk skjer i seine kveldstimar, kan derfor grunngis i prinsippa om pressa sin fridom til å rette merksemda mot alvorlege samfunnsproblem.
Slike dilemma, der journalisten må vege mellom omsynet til ytrings- og pressefridom og omsynet til personvern og privatliv, er typisk for saker der folk har gått til søksmål mot pressa.