Hopp til innhald

Oppgåve

Ytringsfridom når terroren rår

LK20
Øye som overvåker databrukere

Finn informasjon

  1. Kva handla Watergate-skandalen om?
  2. Kva blei konsekvensane av Watergate-skandalen?
  3. Organisasjonen WikiLeaks skapte stor merksemd då dei avslørte hemmeleg informasjon. Korleis jobbar WikiLeaks, og kva for reaksjonar har dei som jobbar for WikiLeaks blitt møtte med?
  4. Kven er Edward Snowden, kva for bakgrunn har han, og kva for informasjon har han kome med til pressa?
  5. Kva skjedde med Snowden etter at det blei kjent at han var kjelda til den informasjonen pressa sat på?
  6. Korleis grunngav president Obama overvaking av telefon- og internettrafikken?

Diskuter i klassen

  • Finst det situasjonar der det er rett av styresmaktene å overvake journalistar?
  • Er det nokre situasjonar der det kan vere rett å overlate sensitiv informasjon som gjeld den nasjonale tryggleiken til media?
  • Er det nokre situasjonar der det er gale å gjere det?
  • Bør media verne kjelder som formidlar informasjon som kan truge den nasjonale tryggleiken?
Sist oppdatert 05.06.2018
Skrive av Ragna Marie Tørdal

Læringsressursar

Ytringsfridom og demokrati

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?