I denne oppgåva skal de lage ein film om lovverket i marknadsføring. Jobb gjerne i grupper på to til fire.
Oppgåve
Lag ein film med tittelen Lovverk i marknadsføring.
Tips til innhald i filmen:
Sei noko om kvifor vi har lover og reglar.
Nemn kva lovverk som er viktige for oss i marknadsføringssamanheng.
Forklar og gi døme, slik at innhaldet i lovene kjem tydeleg fram.
Fortel kva som skjer dersom lovene ikkje blir følgde.
CC BY-SASkrive av Live Marie Toft Sundbye og Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021