Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Arbeidsoppdrag

Innleiing til oppdraget Superportrettet

I dette tverrfaglege læringsoppdraget jobbar du med læringsmål både frå læreplanen for mediesamfunnet og frå læreplanen for medieuttrykk. Målet med oppdraget er at du skal bruke det du kan om idéskaping, kamerainnstillingar og biletkomposisjon til å ta eit portrettbilete som viser litt av personlegdomen til ein medelev.
Portrett av Martin Krasnik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om eit bilete kommuniserer godt med mottakaren, avheng av kven som er målgruppa, og kva føremålet med biletet er. Når vi omtaler eit bilete som eit «godt bilete», tenkjer vi gjerne slik:

  • Biletet har god fototeknisk kvalitet.
  • Biletet er godt komponert.
  • Biletet formidlar eit godt innhald.

Det arbeidsoppdraget du no får, kan minne om det å ta eit vanleg portrettfoto. Likevel skil oppdraget seg noko frå den klassiske portrettsjangeren. Målet er at du skal jobbe fram eit godt foto av ein medelev som fortel noko om personlegdomen. For å få det til kan du bruke rekvisittar, eller plassere personen i ein omgivnad som fortel meir om kven modellen din eigentleg er.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017