Hopp til innhald

Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

10 tips i møte med munnlege informasjonskjelder

1. Førebu deg godt

Finn ut mest mogleg om den du skal møte.
Gjer meir enn eit kjapt Google-søk. Snakk med andre som kjenner personen eller tema du skal snakke om.

Kaffekopp, notatblokk og datamaskin. Bildekollasj.

2. Ring og avtal eit møte

Forsøk å ringe kjelda di i staden for å sende e-post, SMS e.l.
De får betre kontakt, og kjelda di må svare deg kjapt.

Ung mann som snakkar i telefonen. Bilde.

3. Ver høfleg i telefonen

Presenter deg ordentleg med fullt navn, alder og skule og forklar kvifor du vil snakke med personen.

Skjorte og slips. Bildeutsnitt.

4. Gjer meir research

Sørg for at du kan stave namnet rett, og eventuell jobbtittel. Lag ein plan for kva du vil spørje om. Skriv ned nokre gode, opne spørsmål.

Notatblokk. Bildeutsnitt.

5. Finn ein nøytral møtestad

Møtet bør finne stad på ein plass der de kan få sitje uforstyrra utan for mykje støy rundt dykk.

Kaffekoppar skvulpar. Bildeutsnitt.

6. Møt presis og pent kledd

Pass på tida og sørg for at du ser presentabel ut. Hugs å handhelse når de møtest, og takke kjelda for at han/ho vil stille opp.

Hender som helsar. Bilde.

7. Sjekk utstyret

Du bør ta opp kva kjelda seier i tillegg til å skrive notat. Pass på at opptaket fungerer før du set i gang. Ta med ekstra ladar eller batteri.

Opptakar og to batteri. Bildeutstnitt.

8. Lytt!

Altfor mange gløymer å lytte godt til den dei snakkar med. Få med deg det som blir sagt, så du kan stille gode oppfølgingsspørsmål.

Jente som lyttar. Grafikk og bilde.

9. Hald fokus

Legg frå deg mobiltelefonen og andre ting som kan forstyrre deg. Vis tydeleg med kroppsspråket ditt at du er fullt konsentrert om den du pratar med.

Rødt kryss over ein mobil. Bildeutstnitt

10. Til slutt: Sjekk fakta

Før du takkar pent for møtet, dobbeltsjekk gjerne med kjelda di viss det er noko informasjon du framleis er usikker på.

Ung gutt ser på skjerm. Bildeutsnitt.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2017