Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor jobbe i barnehage?

Som barne- og ungdomsarbeidar må du ha fagleg kompetanse og vere engasjert og interessert i å arbeide med barn. Her fortel ein barne- og ungdomsarbeidar og ein lærling om kvifor dei ønskjer å jobbe i barnehage.

Nina er barne- og ungdomsarbeidar. I filmen fortel ho om det ho er oppteken av i arbeidet med barn. Ho er oppteken av å sjå kvart enkelt barn og å få eit godt forhold til barna. Dei er veldig stolte av bie-prosjektet, som bidreg til at barna vil ta vare på naturen. Slik blir barna i betre stand til å ta vare på miljøet i framtida.

I filmen møter du Erik som er lærling i ein barnehage. Han fortel at han ønskjer å bli barne- og ungdomsarbeidar for å vere ein god rollemodell for barna. Han fortel at ein barne- og ungdomsarbeidar må ha interesse og engasjement for å kunne jobbe med barn. I dette arbeidet er det viktig å vere reflektert over det du gjer, og korleis det du gjer, blir for barna.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor kan leik og aktivitetar i naturen fremje evna barna har til å ta vare på han?
  2. Korleis kan du bidra til å skape nysgjerrigheit og undring til naturen?
  3. Korleis kan du vere ein god rollemodell for barn og unge?
  4. Kvifor er det å vere endringsvillig ein god eigenskap for barne- og ungdomsarbeidaren?
  5. Kva tenkjer du at det å jobbe med barn kan gi deg?
CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020

Læringsressursar

Barnehagen som arbeidsplass