Hopp til innhald

Fagstoff

Arbeidet sine funksjonar i samfunnet

Produksjon i ei eller anna form er ein føresetnad i alle samfunn, der produksjonen dekkjer våre individuelle behov og gjennom det også dekkjer behov samfunnet har for at det skal bestå. Som samfunnsmedlemmer produserer vi goda som skal til for å dekkje behova våre.
Jente i arbeidsklede overvaker produksjonslinje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gode

I nokre samfunn er enkelte gode lett tilgjengelege i naturen. Sosialantropologen Fredrik Barth fortel at hos naturfolket baktamanane i Ny-Guinea var rotfrukta taro det dagliege brød, og ho blei dyrka på små parsellar i skogen. Folk planta litt kvar veke slik at dei kunne hauste jamt og trutt, for klimaet gjorde ikkje lagring mogleg. Elles åt dei vilt som dei felte, og bær, frukt og røter som dei sanka. Baktamanane hadde med andre ord ein enkel og lite ressurskrevjande produksjonsprosess som gjekk føre seg på naturen sine eigne premissar.

I mange av dagens samfunn er forholda langt annleis enn hos baktamanane. Svært få av dei goda vi treng kan samlast fritt i naturen. Dei fleste gode må framstillast gjennom produksjon, og naturressursane blir tilarbeidde ved hjelp av verktøy og maskinar.

Arbeid og produksjon har altså ein funksjon at det gir eit samfunn dei varer og tenester det har behov for, uansett kva slags samfunnstype det handlar om.

Fellesgode og velferd

Arbeid heng også saman med skattar og avgifter, og korleis dette er med på å finansiere fellesgode. I det norske samfunnet har vi (nesten) gratis helsehjelp. Må du til dømes leggjast inn på sjukehus for ein operasjon eller behandling, treng du ikkje betale for dette sjølv. I andre samfunn må samfunnsmedlemmene betale store deler av dette sjølve, med mindre dei har ei forsikring som dekkjer utgiftene. I nokre samfunn har store delar av befolkninga ikkje tilgang til slike gode i det heile tatt.

Innovasjon og utvikling

Ein annen viktig funksjon ved arbeid i eit samfunn er at det fører til innovasjon og utvikling, både i form av nye oppfinningar og bruk av teknologi, og ei endring i korleis vi utfører arbeidsoppgåver.

Det er i grunnen ikkje så lenge sidan datamaskinen ikkje fanst, men tenk på korleis han har vore med på å endre både måten vi jobbar på, og påverka vidare utvikling i forsking og nye oppfinningar.

Endring i arbeidslivet påverkar også fleire arenaar i samfunnet, sjå til dømes på kvinner sin sysselsettingsgrad.

CC BY-SASkrive av Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 24.06.2019

Læringsressursar

Arbeidet sin funksjon i samfunnet