Hopp til innhald

Fagstoff

Den nye internasjonale arbeidsdelinga – globalisering, sentrum og periferi

Veit du kvar kleda dine er produserte? Og kvar teknologien du har framfor deg kjem frå? I ei moderne, globalisert verd har den internasjonale arbeidsdelinga endra seg. Dei fleste produkta vi brukar i dag er resultat av ei produksjonslinje som strekkjer seg verda rundt.
Global kjede av klesproduksjon fra produsent til butikk. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Økonomisk vekst i fleire verdsdelar

Europa er no ikkje lenger aleine om å vere sentrum for produksjon og videreforedling, men deler denne posisjonen med andre ikkje-vestlege land. I Asia gjeld dette kanskje særleg Kina og India, som har blitt store innan blant anna teknologiproduksjon. I Latin-Amerika er Brasil og Mexico store industrinasjonar. Slike land blir i dag omtala som NIL eller NIC-land (Nylig industrialiserte land/Newly Industrialized Countries). Dette er land der det har vore stor økonomisk vekst dei seinare åra, og der det i stadig større grad blir satsa på industri og avansert teknologi framfor jordbruk. Den økonomiske veksten gjer at landa er attraktive for bedrifter å investere i, og har også ført til ei auke i velferd og levestandard blant befolkninga. Landa blir rekna som moderne. Dei fleste av NIC- landa er i Aust-Asia og Sør-Amerika.

Økonomisk sårbare land

Framleis er det slik at dei fleste av dei fattigaste landa i verda ligg i Afrika. Ei anna nemning på desse landa er MUL eller LDC-land (minst utviklede land/ least developed countries). Her er det framleis jordbruk og råvareproduksjon som er den dominerande sektoren. Desse landa er gjerne økonomisk sårbare. Dette kan vere fordi det er politisk uro eller krig i landet, eller fordi landet er økonomisk avhengig av eit fåtal råvarer - noko som gjer inntektene uføreseielege både grunna klima og prisendringar på marknaden.

iPhone – made in?

Apple sin produksjon av iPhone er eit godt døme som synleggjer den nye arbeidsdelinga i verda. Finances Online har laga ein infografikk med oversikt over dei mange underleverandørane som lagar eller set saman de forskjellige delane i ein iPhone 5. Oversikta viser at over 20 land frå helt ulike delar av verda er involverte i produksjonen av ein telefon – gjennom alt frå design, til produksjon av små mikrodelar og montering av sjølve telefonen. Her ser vi tydeleg at mesteparten av produksjonen går føre seg i Asia. Er det då riktig å seie at iPhone er eit amerikansk produkt?

Sentrum og periferi

I ein gradvis prosess har auka handel på tvers av landegrenser, migrasjon av menneske og rask teknologisk utvikling ført til at stadig fleire land har betra sine økonomiske vilkår og tatt del i den internasjonale marknaden. Det har igjen ført til ei aukande internasjonal arbeidsdeling der ulike land har ulike roller, og der produksjonsfasilitetar er spreidde rundt heile kloden.

Men kvifor er det slik at nokre land i verda er ein del av dette internasjonale systemet, mens andre land framleis står utanfor? Den amerikanske økonomen Paul Robin Krugman fekk Nobels minnepris i økonomi i 2008 for sitt arbeid innan moderne internasjonal handelsteori. Krugman meinte at teorien om den komparative fordel ikkje var tilstrekkeleg til å forklare moderne handelsmønster. Til dømes gav teorien inga forklaring på at enkelte land heldt fram med å produsere varer som dei ikkje hadde ein komparativ fordel med å produsere, eller at ein såg at land i stor grad handlea med andre land som produserte dei same produkta som dei gjorde sjølve.

Eit døme her er Portugal, som utgjer den største marknaden for norsk kvitfisk . Dette trass i at Portugal sjølv er ein fiskenasjon. Krugman vende blikket mot forbrukarane og meinte at forklaringa for det første låg i at forbrukarar føretrekkjer å kunne velje mellom merke og ulike variantar av produkt. For det andre meinte han at så lenge eit land kan produsere store mengder av ei vare, vil dette til slutt gjere det mogleg å produsere vara så rimeleg at landet kan konkurrere med andre land som i utgangspunktet hadde den komparative fordelen.

Ut frå disse føresetnadane formulerte Krugman ein teori basert på forholdet mellom sentrum og periferi; dersom produksjon blir sentrert i eitt geografisk område, vil dette tiltrekkje seg menneske (arbeidskraft), som igjen tiltrekkjer seg fleire produksjonsfabrikkar og det ender i ein sjølvforsterkande sirkel. I følgje ein slik tankegang vil dei eksisterande marknadane i verda fortsette å vekse, mens det vil vere svært vanskeleg for land som er utanfor å kome seg inn. Denne tankegangen kan også delvis forklare kvifor til dømes ein stor del av klesproduksjonen i verda er sentrert i Asia, og at omtrent 70% av kakaoproduksjonen i verda kjem frå vestlige delar av Afrika. Kakaobønner veks også i både Sør-Amerika og i Asia. Likevel er nabolanda Elfenbeinskysten og Ghana dei to største produsentane av kakao i verda, etterfølgd av Nigeria og Kamerun på 4. og 5. plass – to land som også ligg i same geografiske område.

Finansmarkedsfondet og Snöball Film har laga ein video om moderne internasjonal arbeidsdeling, global handel og Krugmans teori.

CC BY-SASkrive av Linda Næss.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Internasjonal arbeidsdeling