Hopp til innhald

Fagstoff

Eit godt arbeidsmiljø?

Ein leiar som støttar, inspirerer og motiverer betyr mykje for eit godt arbeidsmiljø. Men kva kjenneteiknar eigentleg eit godt arbeidsmiljø, og kva seier lovverket om arbeidsmiljø?
Dei tilsette er framstilte som plantar, og leiaren fer omkring og vatnar dei. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsmiljø og arbeidsmiljøloven

I 1977 fekk Noreg ein ny lov om arbeidsmiljø, og denne loven speglar tankar omkring bedriftskultur, trivsel på arbeidsplassen og det psykososiale og fysiske arbeidsmiljøet. Noreg er eit av landa i verda som har gått lengst i lovgiving på dette området.

Føremålet til lova er nedfelt i § 1-1¹ og skal mellom anna:

  • sikre et arbeidsmiljø som gir grunnlag for en helsefremmende og meningsfylt arbeidssituasjon, som gir full trygghet mot fysiske og psykiske skadevirkninger
  • sikre trygge ansettelsesforhold og likebehandling i arbeidslivet
  • legge til rette for tilpasninger i arbeidsforholdet knyttet til den enkelte arbeidstakers forutsetninger og livssituasjon

Dette er eit utdrag av punkta som seier noko om føremålet, før lova går meir i detalj vidare. Ho er ei av dei viktigaste lovene våre, og også ei lov som skaper mykje politisk debatt og engasjement.

Lova tek også for seg kva for krav som blir stilte til både det psykososiale og det fysiske arbeidsmiljøet.

Både arbeidsgjevar og arbeidstakar har plikt til å følge lova.

Tidlegare var det nok det fysiske arbeidsmiljøet som fekk mest merksemd, men i dag er vi like mykje opptekne av det psykososiale arbeidsmiljøet. Det fysiske arbeidsmiljøet handlar mellom anna om inneklima, støy og fysiske belastningar, medan det psykososiale handlar om til dømes at arbeidstakar ikkje skal utsetjast for trakassering og vald, og at integriteten til arbeidstakaren blir vareteken.

I tillegg tek arbeidsmiljøloven for seg ei rekke andre rettar og plikter - både for arbeidsgjevar og arbeidstakar.

Kva kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø?

Viss du stiller spørsmålet "kva er eit godt arbeidsmiljø for deg?" til ei rekke forskjellige menneske, vil du moglegvis oppdage at vi har ein del til felles om kva vi tenker på som eit godt arbeidsmiljø, men også at vi assosierer mykje forskjellig om det. Men det er nokre faktorar som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø, ifølge STAMI – Statens arbeidsmiljøinstitutt ², som til dømes

  • god organisering og planlegging av arbeidet
  • balanse mellom krav i jobben og det å kunne kontrollere sin eigen arbeidssituasjon
  • balanse mellom innsats og lønning, og det å få anerkjenning, merksemd og ros
  • rettferdig leiarskap, leiing som er støttande

For deg som skuleelev er skulen på mange måtar arbeidsplassen din, og du har også rett til å ha eit godt arbeidsmiljø. Punkta ovanfor kan vi også relatere til skulekvardagen. Ein form for timeplan, å vite når du skal ha prøver, kor mykje arbeid og moglegheita til å kunne styre ein del av arbeidet sjølv, å få ros og bli sett av både medelevar og lærarar og rettferdige lærarar – det er med på å skape eit godt arbeidsmiljø i "jobben" din som elev.

Retten til eit godt fysisk og psykososialt miljø på skulen er også nedfelt i opplæringslova § 9a-1. Opplæringslova kan sjåast på som elevane sin eigen arbeidsmiljølov.

Kva som er eit godt arbeidsmiljø kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass. Arbeidsplassar er like unike og ulike som menneska som arbeider der, og kvar arbeidsplass kan ha sin eigen kultur. Nokre arbeidsplassar har tiltak som trening i arbeidstida og kake på fredagar, og det er tiltak som er med på å auke trivsel, helse og fellesskapskjensle. Likevel viser forsking at sjølv om dette er fint, er det viktigaste korleis vi jobbar, som beskrive i punkta over.

Stressa tilsett i eit hamsterhjul og avslappa tilsett i eit anna. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisasjonsteoriar og arbeidsmiljø

Viss vi tar utgangspunkt i kva vi meiner kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø i dagens samfunn, kan vi diskutere dette opp mot ulike organisasjonsteoriar, og dessutan sjå på korleis synet på arbeid og produksjon har endra seg gjennom ulike tidsepokar. Hugs: Organisasjonsteoriar er idéar om kva organisasjonar er, korleis dei fungerer, korleis dei er bygde opp, og korleis dei blir leia.

Taylors utgangspunkt for scientific management var produksjon i industrisamfunnet, og samlebandproduksjon. Viss du arbeidde ved eit samleband kvar dag og utførte same arbeidsoperasjonen kontinuerleg – kva ville det medført for deg som arbeidstakar, sett i lys av kva eit godt arbeidsmiljø er?

Eller viss du arbeidde ved ein arbeidsplass som er inspirert av human relations som retning, eller ein arbeidsplass som er oppteken av å skape det dei meiner er ein god organisasjonskultur?

Du kan kjenne att fleire element frå fleire teoriar i ein organisasjon - poenget er deretter å sjå på korleis det påverkar både det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet på ein arbeidsplass.

Nyttige omgrep og uttrykk:

  • arbeidsmiljø
  • fysisk arbeidsmiljø
  • psykososialt arbeidsmiljø
  • arbeidsmiljøloven
Kjelder

¹Arbeidsmiljøloven

²Det handler om arbeidet! Brosjyre

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Organisasjonsteoriar