Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Sosialisering

Sosialisering handlar om korleis vi blir påverka, og kva vi blir påverka av gjennom livet, i tillegg til korleis dette formar oss som individ.
Ei stor mengde av fotgjengarar går over eit torg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva handlar sosialisering om?

Sosialisering er det å utvikle sosiale ferdigheiter gjennom ein læringsprosess, der eit individ, som frå fødselen av har føresetnader for ulik åtferd tileignar seg verdiar, haldningar og normer og reglar som er spesifikke for den gruppa eller det samfunnet individet skal bli ein del av.

I dei første barneåra er det dei som er nærmast oss, som påverkar oss mest, det vil seie familien vår. Seinare blir vi påverka gjennom barnehagen, skulen og arbeidsplassen, og det blir stilt ulike forventningar til oss i dei ulike rollene vi har. Venner blir viktigare og viktigare etter kvart som vi blir eldre, og i dagens samfunn har media stor innverknad på oss. Sjølv når vi blir eldre, held denne prosessen på. Samfunnet og kulturen vi er ein del av kan vi sjå på som mekanismar med mange ulike delar – der kvar einaste del formar oss.

Forventningar til oss

Vi møter alle mange forventningar, normer og kulturelle uttrykk berre i løpet av éin dag. Maten vi et kan vere basert på tradisjon og kultur, oppførselen ved bordet blir kanskje overført frå generasjon til generasjon. Forventningar frå foreldre og signifikante andre er ein del av det som påverkar oss, og utsjånaden vår blir påverka av normsendarar – i eksempelet over ein bloggar. Dei som har størst innverknad på oss, er signifikante andre.

Korleis vi reagerer på inntrykk og situasjonar, er både eit resultat av oppseding og sjølvstendige val, og etter kvart blir normer og åtferd internaliserte. Du blir påverka av både uformelle normer, som når foreldra dine forventar at du gjer det bra i matte, og formelle normer, som når du sjekkar fråværet ditt og veit at straffa for å bryte norma er manglande karakter. Det er mogleg nokre foreldre forventar at dattera skal konfirmere seg, men i dagens samfunn har nok ungdom større valfridom enn før når det gjeld dette. Det kan komme av at samfunnet er blitt stadig meir sekularisert. Sosialiseringsprosessen endrar seg i takt med at eit samfunn og ein kultur endrar seg.

Korleis kan vi definere sosialisering som omgrep?

Omgrepet sosialisering kan forståast som prosessen der eit individ lærer og internaliserer normer og åtferd og sjølv skaper og endrar normer. (Berger og Luckmann 2000)

Vi lever saman i sosiale grupper. Eit eksempel på dette er familien og vennekrinsen. Innanfor gruppene er det utvikla visse reglar for korleis vi skal oppføre oss. Desse reglane kallar vi for sosiale normer. Normene kan vere både uformelle og formelle. Formelle normer kan for eksempel vere lovverk. Uformelle normer er uskrivne reglar for korleis vi skal oppføre oss. Det er gjennom kontakt med andre menneske vi lærer normer og møter sanksjonar.

Sanksjonar er andre menneske sine reaksjonar på åtferda vår. Sanksjonane kan vere både positive og negative. Gruppetilhøyret startar allereie i barndommen, og familien blir den første tilknytinga vår til ei sosial gruppe. Som barn står vi framfor ein lang opplæringsperiode. Vi skal lære oss språk, verdiar, vanar og normer. Vi skal tileigne oss oppfatningar om kva som er rett og gale, stygt og pent, passande og upassande.

Litteraturliste

Berger, P.L & Luckmann T. (2000) «Den samfunnsskapte virkelighet». Oslo, Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Leonhard Vårdal og Kristin Sundstrøm.
Sist fagleg oppdatert 21.12.2020