Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fagorganisert eller ikkje?

Som arbeidstakar har du rett til å melde deg inn i ei fagforeining. Fagforeiningar er gjerne del av ein større fagorganisasjon, og for å vere medlem må du betale kontingent. Nokre fagforeiningar stiller krav om ei spesifikk utdanning for å kunne melde seg inn, andre har medlemmar frå ulike yrke.

Som arbeidstakar har du ein rett, men inga plikt, til å vere medlem av ei fagforeining. Det finst fleire ulike fagforeiningar du kan bli medlem av. Derfor er det viktig at du set deg inn i kva dei ulike organisasjonane tilbyr medlemmane sine, før du melder deg inn.

Oppgåver

  1. Vel deg eit yrke innan programområdet ditt. Kva fagforeiningar kan du bli medlem av som fagarbeidar innan dette yrket?
  2. Kva fagforeining organiserer flest fagarbeidarar innan det yrket du har valt?
  3. Finn ut meir om fagforeninga i svaret på oppgåve 2. Kva kan denne fagforeininga tilby medlemmane sine?
  4. Drøft argument for og imot å vere medlem av ei fagforeining.


CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2020

Læringsressursar

Partane i arbeidslivet