Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

KMI-programmering i Python

Her skal du lage eit program som reknar ut kroppsmasseindeks (KMI). BMI (Body Mass Index) er det tilsvarande engelske uttrykket. KMI viser forholdet mellom kroppslengd og vekt, men gir ikkje nyansert informasjon om helse og kropp.
To føter står på ei vekt som viser 126 kg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

KMI gir eit lite nyansert bilete

Kroppsmasseindeksen er eit mål på om ein person er undervektig, normalvektig eller overvektig, men ver klar over at talet som kjem fram, berre gir informasjon om forholdet mellom høgd og vekt.

KMI seier ingen ting om kroppsbygnad, feittprosent, fysisk form eller alder. Spesielt vil muskelmasse i forhold til feitt, om ein er veldig høg eller låg, og om ein er under 20 år eller veldig gammal, gjere utslag som vil vere misvisande viss ein berre ser på KMI.

Til å rekne ut KMI bruker vi denne formelen:

KMI=Vekt(kg)Høgd2(m)

Svaret som denne formelen gir, blir delt inn i fleire kategoriar (inndelinga kan variere litt hos ulike kjelder):

  • undervektig: < 18,5
  • normal vekt: 18,5–24,9
  • overvekt: 25–29,9
  • fedme grad 1: 30–34,9
  • fedme grad 2: 35–39,9
  • fedme grad 3: > 40

Vi kan lage eit program som reknar ut dette for oss. Hugs å bruke punktum (.) i staden for komma (,) når du køyrer programmet og skal gi opp høgd målt i meter.

Sjå kode og resultat samtidig

I menyen til venstre kan du velje visning i fullbreidd viss du ønsker å sjå kode og resultat samtidig. Det same oppnår du ved å kopiere koden inn i eit Pythonprogram, som til dømes Spyder.

Endre vekt og KMI

Dersom nokon ønskjer å endre vekt for å kome inn i det intervallet som KMI kallar "normalvekt", kan det vere greitt å ha eit program som reknar ut vekta han/ho må oppnå.

Prøv å utvide programmet til å rekne ut vekt når brukaren gir programmet eit ønskt KMI-tal. Prøv først på eiga hand. Ei løysing kan sjå slik ut:

CC BY-SASkrive av Eirik Farestveit Erstad og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 15.08.2023

Læringsressursar

Programmering i naturfag