Hopp til innhald

Naturvitskap

Naturfag er eit praktisk og utforskande fag. Gjennom opplevingar, undring og utforsking kan du forstå verda omkring deg i eit naturvitskapeleg perspektiv. Målet er at du skal oppleve skaparglede og utvikle evna til nytenking mens du får erfaring og innsikt i naturfagleg teori.

Programmering

I dette emnet skal du jobbe med å lage presise beskrivingar – algoritmar, som du kan bruke i programmering. Her finn du både grunnleggande opplæring og oppgåver i programmering som passar til ulike deler av faget.

Grunnopplæring i algoritmar og programmering

Algoritmar og programmering (koding) går hand i hand. Før du startar med programmering, er det nyttig å forstå kva ein algoritme er. Grunnopplæringa i programmering består av dei mest sentrale omgrepa og kommandoane. Desse må du lære før programmering kan bli eit nyttig verktøy.