Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvstendig arbeid med reelle datasett

Læreplanen i S1 seier du skal "planlegge og gjennomføre et selvstendig arbeid med reelle datasett knyttet til samfunnsøkonomiske temaer og forhold og analysere og presentere funn".

Finn dataa sjølv

I vanlege oppgåver er data du skal bruke, vanlegvis gitt i oppgåveteksten. Her er det meininga at du sjølv skal finne fram til data du kan analysere.

Aktuelle tema

Du kan til dømes jobbe med tema som

  • endring i konsumprisindeksen

  • befolkningsutviklinga i Noreg

  • bruttonasjonalprodukt

  • energibruken i Noreg

  • mediebruk i Noreg

  • elbilbruk i Noreg

  • statistikk om utdanninga i Noreg

Kvar finn eg data?

Du finn data om det meste på nettsidene til Statistisk sentralbyrå (ssb.no) (SSB). Andre sider du kan finne tal og statistikk på, er

Eit alternativ kan vere å samle data sjølv. Kanskje du kan spørje rektor på skulen din om du kan få tal på årsbudsjettet for skulen gjennom mange år?

Kva gjer eg med dataa?

Ein mann og ei kvinne i kvite frakkar framom tusjtavle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I hovudemnet "Funksjonsanalyse og modellering" viser vi korleis du kan modellere data ved hjelp av funksjonar som så kan analyserast mellom anna ved hjelp av den deriverte. Vi har stort sett brukt GeoGebra til denne analysen. Tips: Når du skal importere tal inn i GeoGebra og har tala i eit vanleg rekneark, kan du kopiere tala og lime dei rett inn i reknearkdelen i GeoGebra.

Ein annan måte å analysere data på er å gjere statistisk analyse. På sida Behandling av store datamengder i Python (ndla.no) er det beskrive korleis du vel ut tal frå statistikkbanken med mediebruk i Noreg som døme, og korleis du kan bruke Python til å analysere dataa.

Resultata av analysane dine vil typisk vere grafiske framstillingar og konklusjonar du har trekt på grunnlag av analysane dine. På sida Metodar i utforsking (ndla.no) i NDLA si verktøykasse kan du lese meir om korleis du kan gjere eigne undersøkingar og behandle og presentere statistikk. Læraren din vil kanskje òg leggje nokre føringar for korleis du skal presentere resultata.

Kjelde

Utdanningsdirektoratet (2021). Kompetansemål og vurdering. Kompetansemål etter matematikk S1. Læreplan i matematikk for samfunnsfag (matematikk S) (MAT04-02). https://www.udir.no/lk20/mat04-02/kompetansemaal-og-vurdering/kv295

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Arbeid med datasett