Hopp til innhald

Fagstoff

Visualiser og presenter idéen

Når du har rydda i idárbeidet og valt ut kva du vil jobbe vidare med, må du tenkje på korleis du vil presentere idéen. Du må visualisere idéen og setje det saman til noko du kan presentere for oppdragsgivaren eller kunden din.

Presenter idéen for kunden

Når du er trygg på at du har ein idé som hjelper kunden å nå målet sitt, er det på tide å gå i gang med å setje produktet saman. Det inneber at du må lage ein pitch, altså eit lite samandrag som fortel kva du skal lage. Det er naudsynt for at kunden og dei som skal vere med i produksjonen av produktet, skal kunne sjå føre seg korleis det ferdige resultatet skal bli.

Relatert innhald

Få fram poenget, øv og ver alltid klar for ei framføring. Her har du tre tips til arbeid med pitch.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Drive ungdomsbedrift