Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

God service

Ein del av utdanningane innan helse- og oppvekstfag fører til yrke vi ofte finn i private bedrifter. For å kunne drive lønsamt er det viktig å yte god service slik at kundane blir fornøgde og bedrifta får eit godt omdøme.
Kvinne får massasje. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Kva er god service?
  2. Korleis kan ein vite kva kunden ønskjer?
  3. Tenk deg at du har praksis på eit velværesenter. I går krangla du med foreldra dine og sov dårleg heile natta. Du kjenner at dette blir ei dårleg dag og har mest lyst til å bli heime, men du vel å gå på jobb.
    • Diskuter med ein medelev kva du kan gjere for at dette ikkje skal påverke jobben din.
    • Kva må du gjere for å yte god service på ein slik dag?
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg, Agnes Brønstad og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2020

Læringsressursar

Fagarbeidar