Hopp til innhald

Fagstoff

Brukarstyrd personleg assistent (BPA)

Brukarstyrd personleg assistent (BPA) er ei ordning som er lagd til rette for menneske med omfattande funksjonsnedsetjingar. Ordninga omfattar ordinære helse- og omsorgstenester som hjelp til stell, pleie, måltid, fritidsaktivitetar og alle andre nødvendige kvardagslege gjeremål.
Rødt hjarte. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

BPA-ordninga

Har ein vedtak om tenester som er organiserte gjennom BPA-ordninga, har brukaren eigne assistentar som han eller ho har arbeidsleiaransvaret for. I organiseringa av tenesta blir det lagt stor vekt på brukarmedverknad. Brukaren har mykje større innverknad på og kontroll over sin eigen kvardag, og tenesta omfattar hjelp både i og utanfor heimen. Det betyr at brukaren også kan bruke timane som er innvilga med BPA, til fritidsaktivitetar.

Om ein ønskjer denne tenesta, må ein søkje kommunen. BPA er heimla i helse- og omsorgstenestelova, og det er ikkje uvanleg at ordninga blir kombinert med andre kommunale tenester, til dømes heimesjukepleie.

Organisering av arbeidet

Sidan brukaren sjølv er arbeidsleiar for dei som skal vere assistentar, føreset det at vedkommande er i stand til å fungere som arbeidsleiar. Dersom det er forhold som gjer det vanskeleg for brukaren å gjere dette sjølv, kan andre utføre denne oppgåva, til dømes ei hjelpeverje, kommunen eller andre aktørar. Det finst tre arbeidsgivarmodellar for BPA. Kommunen, private selskap eller brukaren sjølv kan vere arbeidsgivar.

Har ein ordinære kommunale tenester, til dømes heimesjukepleie, får ein hjelp til nødvendige oppgåver som å stå opp, å kle på seg, å vareta personleg hygiene og å ta del i det sosiale livet.

Dei same oppgåvene får ein hjelp til dersom ein har BPA. Men kven skal bestemme når denne hjelpa skal bli gitt? Heimesjukepleia har ofte mange brukarar som skal ha hjelp, og derfor er det ikkje sikkert at pleiarane kan hjelpe på det tidspunktet brukaren ønskjer. Har ein BPA, derimot, kan brukaren sjølv planleggje veka og sjølv bestemme når han eller ho treng hjelp dei ulike dagane.

Døme

På måndag ønskjer Tone å stå tidleg opp fordi ho skal ut på noko og er avhengig av å rekke eit tog. Då kan Tone som arbeidsleiar bestemme at assistenten må komme klokka 06 i staden for 08, som ho elles plar. På onsdagskvelden plar ho å vere heime, men denne veka er det ein konsert ho har lyst til å gå på. Då kan ho leggje dette inn på turnusplanen slik at ho får den hjelpa ho treng for å komme seg på konserten. Talet på timar ho har hjelp per veke, vil stort sett vere likt anten ho har BPA eller heimesjukepleie.

På denne måten får brukaren større høve til å leve eit meir normalt liv der han eller ho sjølv kan avgjere kva vedkommande ønskjer å bruke hjelpa til. Dette kan til dømes gjere det lettare å fungere i ein jobb. Det vil òg kunne gi auka livskvalitet fordi ein sjølv kan avgjere kva ein ønskjer å gjere på fritida.

Det viktigaste med BPA er derfor at brukaren får høve til å leve eit friare og meir sjølvstendig liv – at ein faktisk får lov til å gjere personlege val sjølv om ein har nedsett funksjonsevne.

Du kan finne mykje relevant informasjon om temaet om du går inn på Norges handikapforbund sine nettsider.

Utfordringar til deg

  1. Forklar med eigne ord kva brukarstyrd personleg assistanse er.
  2. Kven kan få BPA?
  3. I kva for ei lov er BPA heimla?
  4. Kva står det i lova om BPA?
  5. Er det nokon som vanskeleg kan gjere seg nytte av ordninga med BPA? Grunngi svaret.
  6. Kva trur du er fordelane med BPA? Grunngi svaret.
  7. Kva for nokre ulemper kan det vere med BPA?
  8. Bruk kunnskapen du har om BPA og drøft påstanden: "Det er viktig å bestemme over sitt ege liv."
  9. Beskriv kva ei hjelpeverje er?
  10. Tenk at du sjølv kom i ein situasjon der du blei lam. Du måtte sitje i rullestol og trong hjelp med alt du skulle gjere. Kva ville vere viktig for deg i ein slik situasjon?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Lars Sandlie/Høgskolen i Lillehammer, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 01.01.2024

Læringsressursar

Brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid