Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eingongsutstyr i helsevesenet

Eingongsutstyr er vanleg i helsevesenet. I eit miljøperspektiv kan det vere ulemper ved dette, men av omsyn til økonomi, smittevern eller andre faktorar kan likevel det vere riktig å nytte eingongsutstyr.
Ein person tek på seg blå eingongshanskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I praksis på sjukeheim ser du at det er mykje eingongsutstyr på lageret. Dette er til dømes hanskar, plastforklede, kladdar, munnbind, plastkoppar og skotrekk.

Oppgåver

  1. Ta utgangspunkt i døma over. Gjer greie for når ein nyttar dette, og kvifor.
  2. Diskuter bruken av eingongsutstyr med utgangspunkt i forbruk og berekraft. Korleis heng dette saman med det du har lært om hygiene og smittevern?
  3. Undersøk medisinske forbruksvarer når du er i praksis, eller det som finst av eingongsutstyr på skulen eller heime.
    1. Kva er haldbarheitsdatoen?
    2. Kvifor er det haldbarheitsdato på eingongsutstyr?
    3. Kva kan skje med utstyr som er gått ut på dato?
  4. De skal lage pynt til borda i aktivitetsrommet til bebuarane på sjukeheimen. Lag ei liste over materiale du vil nytte, som òg er eit godt val av miljøomsyn.
CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Aktivitetar og påverknad på miljøet