Hopp til innhald

Fagstoff

Forbruk og miljøomsyn

Eig du meir enn du treng? Forbrukar du meir ein naudsynt? I eit miljøperspektiv er det viktig å tenkje over forbruket og vanane våre. Kor mange eigedelar har vi eigentleg bruk for, og korleis lever vi kvardagen vår med tanke på transport og levestandard?
Ansvarleg forbruk og produksjon er FNs berekraftsmål nummer 12. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

FNs berekraftsmål nummer 12

FNs berekraftsmål er ein arbeidsplan for heile verda for å utrydde fattigdom, kjempe mot forskjellar og stoppe klimaendringane. Berekraftsmål nummer 12 handlar om overforbruk og berekraftig livsstil.

Forklar med eigne ord kva som blir meint med

  • forbruk
  • overforbruk
  • berekraftig livsstil
  • berekraftig utvikling
  • FNs berekraftsmål

På jobb som fagarbeidar

Som fagarbeidar innan helse- og oppveksttenesta vil du få mange ulike oppgåver som utfordrar deg til å vere miljømedvite.

I arbeid med barn i barnehage vil du sjå at det er leiker, møblar, tekstilar og anna utstyr inne og ute som må handterast på riktig måte. I barnehagen har dei kanskje måling, modelleire, lego, dokkeklede, ballar og uteleiker som må lagrast og bli nytta på ein slik måte at det varer lengst mogleg. Barna skal òg lære seg å ta vare på tinga sine heime og i barnehagen, og dessutan sortere øydelagte ting på riktig stad slik at det blir handtert riktig frå forbrukar til avfallsanlegg i kommunane.

I arbeid på institusjon vil du møte eldre og andre brukarar med mange vaner og mange meiningar. Handtering av eingongsutstyr, smittevernrutinar og anna avfall er område du må setje deg godt inn i. I møte med brukarar som du skal hjelpe med innkjøp, er det viktig å kjøpe klede av god kvalitet med tanke på at det bli mykje vask på høge temperaturar. Møblar og anna inventar bør òg kjøpast inn frå leverandørar som har miljøet i fokus og god kvalitet.

Kva som er riktig handtering av avfall, gjenbruk og lagring, skal arbeidsgivar ha klare instruksar på. Det er ansvaret til dei tilsette å sørgje for at ulike produkt blir handterte på ein god måte, slik at forbruket går ned, og avfall blir handtert riktig.

Heime som privatperson

Som privatperson har du kanskje mange ting. Har du klede du ikkje nyttar, eller har du kjøpt ny mobil sjølv om den gamle fungerte? Som menneske blir vi forma av haldningane og verdiane til andre. Dette blir utvikla i oppveksten og vidare heile livet. Med meir kunnskap om miljøet og forbruk vil du kunne endre vanane dine og bli meir miljømedvite. Vanane dine heime, til dømes med sortering av søppel, vil truleg gjenspegle seg på jobb. Er du ein som kastar batteri i søpla heime, er det kanskje meir sannsynleg at du kastar batteri i søpla på jobb òg? Kva trur du?

Kan vi gjere noko med forbruket vårt?

I Noreg har vi gode levevilkår, og befolkninga har god helse samanlikna med mange andre land. Med forbruk tenkjer vi på alt vi bruker opp eller lèt liggje i skåpa heime, som igjen blir kasta seinare. Vi tenkjer òg på forbruk når det gjeld emballasje, matavfall, ulike transportmiddel, klede, elektronisk utstyr og utstyr til hus og hytte, båt eller anna.

Forbruket i Noreg er stort, og vi har økonomi til å kjøpe mykje vi har lyst på, men som vi ikkje treng. I Noreg har det tidlegare vore knappleik på ressursar, og forbruket av klede og utstyr var lågare før enn no. Ein kunne ikkje flyge kvar ein ville, fordi det ikkje var flyruter, og mange hadde ikkje eigen bil. Korleis trur du samfunnet i Noreg har endra seg dei siste 50 åra, med tanke på forbruk?

Vurder i kva grad setningane under stemmer for deg.

  1. "Eg har ikkje meir klede enn dei eg treng."
  2. "Eg sorterer avfall heime, på jobb og på skulen."
  3. "Eg føler ikkje kjøpepress frå venner."
  4. "Eg veit kvar eg skal kaste batteri og lyspærer."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hege Nikolaisen og Vigdis Haugen.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2020

Læringsressursar

Forbruk og påverknad på miljøet