Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Marknadsføring og kampanjeplan

Fagartikkel

Marknadsføring og kundebehov

Mange assosierer marknadsføring med sal og reklame, men marknadsføring handlar også om å forstå kunden sitt behov og tilpasse seg ei bestemt kundegruppe.

Vi kan samanlikne marknadsføring med ein samansett ting som ein sykkel. Tenk deg at bakhjulet er reklame, mens framhjulet er sal. Dette er utan tvil viktige delar av sykkelen, men vi får ingen sykkel utan ramme, styre, pedalar, sete og så vidare i tillegg.

Marknadsføring består, i tillegg til sal og reklame, av

  • å velje ut dei produkta kundane ønskjer og treng
  • å bestemme seg for kva for kundar ein vil satse på
  • å finne ut korleis produktet skal seljast (i butikk, på Internett, frå dør til dør og så vidare)
  • å organisere service, varelager, fakturarutinar og så vidare

Dei som arbeider med marknadsføring i større bedrifter, har ein finger med i alle aktivitetane, heilt frå produktet var ein idé til det er selt og teke i bruk av kunden.

Reklame – den synlege delen av marknadsføring

Mange blandar omgrepa reklame og marknadsføring, men reklame er altså berre éin del i den totale marknadsmiksen. Reklame får gjerne stor merksemd fordi reklamar er den mest synlege delen av marknadsføringa rundt eit produkt.

Nespresso-kampanjen med filmkjendisen George Clooney som trekkplaster fekk for eksempel mykje merksemd. Den synlege delen av marknadskampanjar kan strekkje seg over nokre veker eller over fleire år.

Sjekk ut:

Gjer eit søk på Clooney og Nespresso, sjekk bilete, filmar og produktomtalar.

Finn du ut kor lenge Clooney har vore ein del av marknadsføringa til Nespresso?

Definisjon av marknadsføring

Marknadsføring som omgrep blir omtalt slik i Store Norske Leksikon:

Markedsføring dreier seg ikke bare om «kunsten å selge varer, tjenester og ideer», men også om «kunsten å investere i fornøyde kunder».

Markedsføring handler derfor også om å dirigere varer og tjenester fra produksjon frem til forbrukere og brukere. Markedsføring omfatter planlegging, gjennomføring og oppfølging av alle aktiviteter knyttet til distribusjon av varer, ideer og tjenester i den hensikt å tilfredsstille kundenes behov og sørge for lønnsomt utbytte for bedriften.[1]

Marknadsføring handlar altså om å gjere grep som fremjar sal. På same tid handlar det om å pleie eksisterande kundar og skaffe nye. For å få til dette må du som marknadsførar planleggje godt, leggje strategiar for kva du vil oppnå, og handtere produktutvikling, distribusjon og kommunikasjon for å auke sal og inntekter.

Å tilfredsstille kunden sine behov

Mens organisasjonar og bedrifter vil informere forbrukarane om varene og tenestene dei sel, er kundane opptekne av å få dekt behova sine. Bedrifter som vil vere konkurransedyktige, må derfor avdekkje kundane sine behov og tilfredsstille dei. Dersom forbrukarane ikkje oppfattar ei vare eller teneste som relevant for dei, er det lite sannsynleg at dei vil kjøpe henne.

Eksempel på marknadsføring som ikkje førte til kjøp

Lanseringa av Smash-vaflar eller Muffins med Stratos vart ingen vidare suksess for matprodusentane. Forbrukarane hadde ikkje behov for verken vaffelmiks med Smash-sjokolade eller muffins med Stratos.

Kan du tenkje deg nokre grunnar til det?

Auka konkurranse om pengar og merksemd

Midla som blir brukt til marknadsføring, har auka markant dei siste 50 åra. Stadig fleire organisasjonar tilbyr varer og tenester, og det rike tilbodet fører nødvendigvis til sterkare konkurranse. Dessutan blir kundane meir sofistikerte og kjem i ein posisjon der dei kan velje.

Alt dette skaper eit behov for meir målretta marknadsføring. Den auka bruken av Internett og sosiale medium har gitt marknadsførarar gode moglegheiter for å drive tilpassa marknadsføring.

CC BY-SA 4.0Skrive av Maren Aftret-Sandal, Oddvar Torgersen og Live Marie Toft Sundbye. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017