Marknadsføring og kampanjeplan - Lag kampanjeplan for tannpleieprodukt - Innovasjon og marknadsføring (SR-SRL vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Marknadsføring og kampanjeplan

Oppgåve

Lag kampanjeplan for tannpleieprodukt

Lag ein kampanjeplan for lanseringa av ein ny serie tannpleieprodukt.

Finn eit bilete av eitt eller fleire tannpleieprodukt på nettet, og bruk dette som produktet de skal lansere.

Bruk punkta nedanfor i arbeidet med kampanjeplanen.

  1. Produkt: beskriving av kva for produkt du skal lage kampanje for
  2. Målgrupper: beskriving av kva for målgrupper kampanjen rettar seg mot
  3. Kampanjemål: beskriving av målsetjing for kampanjen
  4. Kommunikasjonsbodskap: beskriving av kva for bodskap som skal brukast for å nå fram til målgruppene
  5. Kommunikasjonskanalar: beskriving av kanalar (medium) som målgruppene kan nåast gjennom
  6. Aktivitetsplan: beskriving av kva for aktivitetar som skal setjast i verk for å nå måla, samt tidsplan og budsjett for kvar aktivitet

Relatert innhald

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017