Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Algoritmar

Det er viktig å øve seg på å lage gode instruksjonar.

AP-1

a) Lag ein algoritme – ei "oppskrift" – som beskriv kva du gjer og korleis du kjem deg heimanfrå frå det tidspunktet du går ut av døra til du kjem fram til skulen (eller ein annan plass). Få nokon til å vurdere om algoritmen er presis nok.

b) Finn algoritmen for korleis ein køyrer med bil frå Lillestrøm Stasjon til Åråsen Stadion.

AP-2

a) Lag ein algoritme som beskriv korleis vi reknar ut reknestykket  1+2·3  på ein kalkulator, til dømes kalkulatoren på ei datamaskin.

Tips

Første steg i algoritmen er "Trykk på knappen for talet 1.".

b) Lag ein algoritme som beskriv korleis vi reknar ut reknestykket  1+2·3  for hand. Vart det den same algoritmen som i oppgåve a)?

c) Lag ein algoritme som beskriv korleis vi reknar ut reknestykket  1+2·32  for hand.

d) Prøv å lage ein generell algoritme for korleis ein reknar ut reknestykke av denne typen.

Løysingsforslag

Du finn løysinga på sida Reknerekkjefølgje.

AP-3

Lag ein algoritme som beskriv korleis vi løyser likninga  2x-3=5  for hand.

CC BY-SASkrive av Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 11.07.2022

Læringsressursar

Grunnopplæring