Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prosentrekning

Dei seks første oppgåvene kan du løyse utan å bruke hjelpemiddel. Kanskje klarer du mange av dei andre òg berre ved hjelp av hovudet?

PS-1

Skriv tala som prosent.

a) 0,50
b) 1,60
c) 2,35
d) 0,12
e) 0,08

Løysing

a) 0,5=0,5·100 %=50 %
b) 160 %
c) 235 %
d) 12 %
e) 8 %

PS-2

Skriv tala som prosent.

a) 0,512
b) 1,752
c) 15
d) 0,001 2
e) 0,083 4

Løysing

a) 51,2 %
b) 175,2 %
c) 15=15·100 %=1005 %=20 %
d) 0,12 %
e) 8,34 %

PS-3

Skriv tala som promille.

a) 2
b) 0,5
c) 120
d) 0,003

Løysing

a) 2=2·1 000 =2 000 
b) 500 ‰
c) 120=120·1 000 =1 00020 =50 
d) 3 ‰

PS-4

Skriv som desimaltal.

a) 23 %
b) 15 %
c) 2 %
d) 185 %
e) 9 %

Løysing

a) 23 %=23 %100 %=0,23
b) 0,15
c) 0,02
d) 1,85
e) 0,09

PS-5

Skriv som desimaltal.

a) 2,3 %
b) 0,15 %
c) 22,5 %
d) 0,085 %
e) 9,25 %

Løysing

a) 0,023
b) 0,001 5
c) 0,225
d) 0,000 85
e) 0,092 5

PS-6

Skriv som desimaltal.

a) 0,2 ‰
b) 2,3 ‰
c) 14 ‰
d) 2 300 ‰

Løysing

a) 0,2 =0,2 1 000 =0,000 2
b) 0,002 3
c) 0,014
d) 2,3

PS-7

Mary Ann og Niels Henrik kjøper ein pizza. Pizzaen er delt i 9 like store stykke. Niels Henrik et 5 pizzastykke, og Mary Ann et 4 stykke.

a) Kor mange prosent av pizzaen et Niels Henrik?

Løysing

Vi må finne ut kor mange prosent dei 5 pizzastykka Niels Henrik et, er av totalt 9 pizzastykke. Då set vi opp forholdet og multipliserer med 100 prosent.

59·100 %=55,6 %

Niels Henrik et 56 prosent av pizzaen.


b) Kor mange prosent av pizzaen et Mary Ann?

Løysing

Vi gjer tilsvarande med det Mary Ann et.

49·100 %=44,4 %

Mary Ann et 44 prosent av pizzaen.

PS: Sidan dei åt opp heile pizzaen, kunne vi ha funne kor mykje Mary Ann åt, slik: 100 %-56 %=44 %. Dette kan òg brukast som kontroll på at vi har rekna rett.

PS-8

Metoden "vegen om 1", som er forklart på teorisida om prosentrekning, kan brukast til å løyse andre oppgåver enn dei med prosent. Forklar med ord korleis du kan bruke metoden til å løyse denne oppgåva, og løys ho.

7 kg eple kostar 105 kroner. Kor mykje kostar 3 kg av epla?

Løysing

Når 7 kg eple kostar 105, må vi dele på 7 for å gå "vegen om 1" og finne prisen for 1 kg eple. Så må vi multiplisere med 3 for å finne prisen på 3 kg, som er 3 gonger så mykje. Reknestykket blir

105 kr7 kg·3 kg=45 kr

Prisen for 3 kg eple er 45 kroner.

PS-9

PS-10

a) Kathinka har deltidsjobb og tener 50 000 kroner. Ho betaler 7 500 kroner i skatt. Kor mange prosent i skatt betaler ho?

Løysing

Her skal vi finne ut kor mange prosent 7 500 er av 50 000. Då set vi opp forholdet som ein brøk og multipliserer med 100 prosent.

7 500 kr50 000 kr·100 %=15 %

Kathinka betaler 15 prosent i skatt.

b) Kathinka har deltidsjobb og betaler 15 prosent av lønna i skatt. Kor mykje må Kathinka betale i skatt når ho tener 50 000 kroner? Bruk metoden "vegen om 1" for å finne svaret.

Løysing

Oppgåva ber oss om å finne 15 prosent. Det gitte talet, heile lønna, er 50 000 kroner, og svarer til 100 prosent. Då må vi dele 50 000 på 100 for å finne 1 prosent og multiplisere med 15 for å finne 15 prosent. Reknestykket blir

50 000 kr100·15=7 500 kr

Kathinka må betale 7 500 kroner i skatt. (Dette visste vi frå oppgåve a), eigentleg.)

c) Kathinka har deltidsjobb og betaler 15 prosent av lønna i skatt. Kor mykje tener Kathinka når ho må betale 7 500 i skatt? Bruk metoden "vegen om 1" for å finne svaret.

Løysing

Det gitte talet, skatten på 7 500 kroner, svarer til 15 prosent av heile lønna, som då svarer til 100 prosent. Vi skal derfor finne ut kor mykje 100 prosent svarer til sidan oppgåva spør etter heile lønna før skatten er trekt frå. Då må vi dele 7 500 på 15 for å finne 1 prosent og multiplisere med 100 for å finne 100 prosent.

7 500 kr15·100=50 000 kr

Kathinka tener 50 000 kroner – som vi visste frå før.

PS-11

a) I ein skuleklasse er det 30 elevar. Ein dag hadde 24 av elevane kvite sko på seg. Kor mange prosent av elevane hadde kvite sko denne dagen?

Løysing

Her skal vi finne ut kor mange prosent 24 er, av 30. Då set vi opp forholdet som ein brøk og multipliserer med 100 prosent.

2430·100 %=45·100 %=80 %

80 prosent av elevane hadde kvite sko den dagen.

b) I ein skuleklasse er det 30 elevar. Ein dag hadde 80 prosent av elevane kvite sko på seg. Kor mange elevar hadde kvite sko denne dagen? Bruk metoden "vegen om 1" for å finne svaret.

Løysing

Oppgåva ber oss om å finne 80 prosent. Det gitte talet, heile klassen, er 30 elevar, og svarer til 100 prosent. Då må vi dele 30 på 100 for å finne 1 prosent og multiplisere med 80 for å finne 80 prosent. Reknestykket blir

30100·80=2 400100=24

Det var 24 elevar som hadde kvite sko denne dagen, noko vi eigentleg visste ut frå oppgåve a).

c) Lag tilsvarande oppgåve om elevane med kvite sko som c)-oppgåva i den førre oppgåva ved å følge det same mønsteret, og løys ho ved å bruke metoden "vegen om 1".

Forslag til oppgåvetekst

Ein dag hadde 80 prosent av elevane i ein klasse på seg kvite sko, eller 24 elevar. Kor mange elevar er det i klassen?

Løysing

Det gitte talet, 24 elevar, svarer til 80 prosent av heile klassen, som då svarer til 100 prosent. Vi skal derfor finne ut kor mykje 100 prosent svarer til, sidan oppgåva spør etter kor mange elevar det er i klassen. Då må vi dele 24 på 80 for å finne 1 prosent og multiplisere med 100 for å finne 100 prosent.

2480·100=30

Det er 30 elevar i klassen.

PS-12

Lag ei liknande oppgåve om prosent etter mønsteret i 1.11.8 og 1.11.9 med tre deloppgåver. Løys oppgåva.

Tips til oppgåva

Til dømes kan du lage oppgåva med rente.

PS-13

Kåre sel ved. Eit år aukar han prisen på éin famn ved frå 1 500 kroner til 1 800 kroner. Kor stor er prisauken i prosent?

Løysing

Først må vi finne prisauken i kroner.

1 800 kr-1 500 kr=300 kr

Prisøkning i prosent:

3001500=3001500=31155=15=0,20=20 %

PS-14

Ein genser kostar 240 kroner. Det er sal, og genseren blir sett ned med 30 prosent. Kva blir salsprisen på genseren?

Løysing

Alternativ 1

Vi reknar først ut kor mykje prisen er sett ned ved å finne 30 prosent av 240 kroner. Vi går "vegen om 1".

240 kr100·30=72 kr

Salsprisen blir då 240 kr-72 kr=168 kr.

Alternativ 2

Oppgåva spør etter salsprisen. Denne utgjer 100 %-30 %=70 prosent. I staden for først å rekne ut rabatten og deretter trekke han frå den opphavlege prisen, kan vi finne salsprisen direkte sidan vi no veit at han svarer til 70 prosent.

240 kr100·70=168 kr

Salsprisen er 168 kroner.

PS-15

Eit par joggesko er sette ned frå 990 kroner til 490 kroner. Kor stort er avslaget i prosent?

Løysing

Avslaget i kroner er 990 kroner-490 kroner=500 kroner.

Avslaget i prosent er 500990·100 %=50,5 prosent.

PS-16

Ein dress blir seld med 30 prosent rabatt til 1 400 kroner. Kva var den opphavlege prisen?

Løysing

30 prosent rabatt betyr at 1 400 kroner svarer til 100 %-30 %=70 prosent av den opphavlege prisen. Oppgåva spør etter den opphavlege prisen, som er 100 prosent.

Vi går "vegen om 1".

1400 kr70·100=2 000 kr.

Den opphavlege prisen var 2 000 kroner.

PS-17

Ein sykkel blir seld med 25 prosent rabatt til 2 490 kroner. Kor mange kroner rabatt får du?

Løysing

Alternativ 1

25 prosent rabatt betyr at 2 490 kroner svarer til 100 %-25 %=75 prosent av den opphavlege prisen, som er 100 prosent.

Vi går "vegen om 1" og reknar først ut den opphavlege prisen.

2 490 kr75·100=3 320 kr

Rabatten er

3 320 kr-2 490 kr=830 kr

Alternativ 2

25 prosent rabatt betyr at 2 490 kroner svarer til 100 %-25 %=75 prosent av den opphavlege prisen, som er 100 prosent.

Vi går "vegen om 1" og reknar ut rabatten direkte. Rabatten er

2 490 kr75·25=830 kr

PS-18

To sambuarar, Bodil og Brita, hadde 1 080 000 i årslønn til saman. Bodil tente 20 prosent mindre enn Brita. Kor mykje tente kvar av dei?

Tips til oppgåva

Som alltid: Start med å finne ut kor mange prosent det gitte talet svarer til.

Løysing

Når Bodil tener 20 prosent mindre enn Brita, er det Brita tener, 100 prosent. Det Bodil tener, må då utgjere 80 prosent. Det betyr at det dei tener til saman, svarer til 180 prosent av det Brita tener. Det betyr at vi "går vegen om 1" ved å dele den totale årsinntekta på 180 og multiplisere med 100 for å finne kva Brita tener, og med 80 for å finne kva Bodil tener.

CAS-utrekning med GeoGebra. På linje 1 er det skrive 1080000 delt på 180 multiplisert med 100. Svaret er 600000. På linje 2 er det skrive 1080000 delt på 180 multiplisert med 80. Svaret er 480000. Skjermutklipp.

Bodil tener 480 000 kroner, og Brita tener 600 000 kroner.

CC BY-SASkrive av Stein Aanensen, Olav Kristensen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Prosent og prosentvis vekst