Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Variable storleikar i strikking og mosjon

Vi kan bruke matematikken på mange ting frå dagleglivet.

3.1.40

Lyseblått garnnøste og strikkepinnar. Foto.

Du skal strikke eit firkanta sjal. I oppskrifta står det at dersom du lagar 22 masker i breidda, svarer til det 10 cm. Strikkar du 25 masker i høgda, blir det òg 10 cm.

a) Kor mange masker i breidda blir det per cm?

Løysingsforslag

Vi veit at 22 masker er 10 cm. Då kan vi finne talet på masker på éin cm ved å dele 22 med 10.

22 maskar10 cm=2,2 maskarcm

b) Dersom sjalet skal vere 45 cm breitt, kor mange masker må vi leggje opp i breidda då?

Løysingsforslag

Vi må multiplisere talet på masker per cm med talet på cm vi skal strikke. Vi får at talet på masker blir

2,2 maskercm·45 cm=99 masker

c) Forklar at du kan beskrive talet på masker i breidda b(x) ved hjelp av uttrykket 2,2x, der x er talet på cm i breidda.

Løysingsforslag

Når vi skal finne ut kor mange masker det blir i breidda, må vi gonge 2,2 med talet på cm, altså får vi

b(x)=2,2·x=2,2x

d) Finn ein tilsvarande formel eller funksjon h(y) for talet på masker det blir i høgda når høgda er y cm.

Løysingsforslag

Talet på masker per cm i høgda blir

25 maskar10 cm=2,5 maskarcm

h(y)=2,5·y=2,5y

e) Kvifor bruker vi ikkje den same bokstaven for talet på cm i breidda (x) og talet på cm i høgda (y)?

Løysingsforslag

Vi bruker ikkje den same bokstaven fordi dei måler to ulike ting. Den eine måler breidda, den andre måler høgda, og dei vil ha ulike verdiar i praksis.

f) Ei venninne bestiller eit sjal av deg. Det skal vere 70 cm breitt og 40 cm høgt. Kor mange masker blir det i breidda og i høgda?

Løysingsforslag

Opplysningane betyr at  x=70  og  y=40. Talet på masker i breidda blir

b(70)=2,2·70=154

mens talet på masker i høgda blir

h(40)=2,5·40=100

g) Kor mange masker blir det totalt på dette sjalet?

Løysingsforslag

Dette blir som arealet av eit rektangel målt i masker. Vi må multiplisere talet på masker i breidda med talet på masker i høgda. Talet på masker totalt blir

154·100=15 400

h) Prøv å anslå kor lang tid det tek å strikke dette sjalet.

i) Undersøk kor raskt ei strikkemaskin kan strikke dette sjalet. Rekn òg ut kor mange slike sjal strikkemaskina kan lage på den tida det tek å strikke eit sjal manuelt.

j) Kor breitt blir eit sjal dersom du legg opp 132 masker i breidda?

Løysingsforslag

Her er det mange måtar å gå fram på. Vi tek utgangspunkt i formelen  b(x)=2,2x. Vi veit no at  b(x)=132. Då får vi

2,2x = 1322,2x2,2 = 1322,2x = 60

Breidda blir 60 cm.

k) Lag ein formel eller funksjon x(b) for breidda i cm når talet på masker er b.

Løysingsforslag

Dette blir det motsette av funksjonen b(x).

Alternativ 1

Vi kan snu på formelen  b(x)=2,2x. For å gjere det enklare, skriv vi no

b=2,2x. (Hugs at b(x) berre er ein skrivemåte. Storleiken har namnet b.)

Vi ønskjer å ende opp med  x=. Då gjer vi omtrent som i den førre oppgåva.

b = 2,2xb2,2 = 2,2x2,2b2,2 = xx = b2,2

No kan vi rekne ut breidda x ut ifrå talet på masker b, og vi kan skrive

xb=b2,2

Alternativ 2

Vi veit at 22 masker i breidda svarer til 10 cm. Då vil 1 maske svare til

10 cm22=0,455 cm

For å finne ut kor langt eit visst tal masker b er, må vi multiplisere b med dette talet. Det gir oss

xb=0,455·b=0,455b

l) Studer dei to svaralternativa i den førre oppgåva. Er dei like?

Løysingsforslag

Vi tek utgangspunkt i formelen/funksjonen i alternativ 2.

xb=0,455·b=1022·b1=10·b22·1=10·b10·2,2=b2,2

Konklusjon: Det er den same formelen.

m) Finn tilsvarande formel eller funksjon for høgda y(h) når det er h masker i høgda.

Løysingsforslag

Dette blir det motsette av funksjonen h(y).

Alternativ 1

Vi kan snu på formelen  h(y)=2,5y. For å gjere det enklare, skriv vi no  h=2,5y. (Hugs at h(y) berre er ein skrivemåte. Storleiken har namnet h.)

Vi ønskjer å ende opp med  y=. Vi får

h = 2,5yh2,5 = 2,5y2,5h2,5 = yy = h2,5

No kan vi rekne ut breidda x ut ifrå talet på masker b, og vi kan skrive

yh=h2,5

Alternativ 2

Vi veit at 25 masker i høgda svarer til 10 cm. Då vil 1 maske svare til

10 cm25=0,4 cm

For å finne ut kor høgt eit visst tal masker h er, må vi multiplisere h med dette talet. Det gir oss

yh=0,4·h=0,4h

n) Du oppdagar at du har kjøpt feil garn. På garnet er det gitt ei heilt anna strikkefastheit, det står at 12 masker i breidda skal gi 10 cm. Forholdet mellom masker i breidda og masker i høgda er det same som i det opphavlege garnet. Kan du lage tilsvarande formlar for dette garnet, sånn at du kan bruke det i staden?

Løysingsforslag

Vi får

bx=1210·x=1,2·x=1,2x

Då må den motsette formelen bli

xb=b1,2

Forholdet mellom mengda masker i høgda og talet på masker i breidda skal vere det same. Med originalgarnet er dette forholdet 2522. Dersom vi set det ukjende talet på masker i høgda for n med det andre garnet, blir forholdet n12. Desse to forholda må vere like, og vi får

n12 = 2522n·1212 = 25·1222n = 13,6

Sjølv om vi ikkje kan strikke 13,6 masker, kan vi rekne med talet 13,6. Vi får vidare at

hy=13,610·y=1,36·y=1,36y

Den motsette formelen blir

yh=h1,36

o) Kva er forskjellen mellom ein funksjon og ein formel? Diskuter.

3.1.41

Tove og Christian liker å vere fysisk aktive, og i tillegg liker dei å lage matematiske samanlikningar. (Ein kan vel kanskje kalle dei litt nerdete?) Då Noreg vart stengt ned på grunn av koronakrisa, var dei mykje på tur både saman og kvar for seg. Dei sykla, sprang og gjekk tur både i fjellet og på flatmark.

I denne oppgåva går vi ut frå at dei syklar, spring og går tur med jamn fart sjølv om dei heilt sikkert ikkje gjorde det.

Syklist i skogen. Foto.

a) Ein av turane dei sykla, var ei kupert rute på 28,6 km. Tove brukte 1 time og 34 minutt. Lag eit uttrykk s(t) som beskriv kor langt Tove har kome etter t minutt.

Løysingsforslag

Vi må finne ut kor langt Tove kjem på eitt minutt. Tida i minutt er

1h 34min=60 min+34 min=94 min

Talet på km per minutt blir

28,6 km94 min=0,304 km/min

Dette er eit mål på farten til Tove.

Vi kan då setje opp følgjande uttrykk:

s(t)=0,304t

b) Christian brukte 1 time og 2 minutt på den same sykkelturen. Lag eit uttrykk t(x) som beskriv kor lang tid Christian har brukt på x km.

Løysingsforslag

Vi gjer om tida til minutt.

1h 2min=60 min+2 min=62 min

Her er vi interessert i talet på minutt per km. Då må vi gjere det motsette av kva vi gjorde i den førre oppgåva.

62 min28,6 km=2,17 min/km

Dette er òg eit mål på fart, men i staden for å seie noko om kor langt Christian kjem per minutt som i den førre oppgåva, seier talet her noko om kor lang tid han bruker per km. Dersom vi multipliserer dette talet med kor langt han har sykla, får vi kor lang tid han brukte. Vi får derfor

t(x)=2,17x

c) Lag ein formel for kor langt Tove har kome som funksjon av kor langt Christian har kome.

Tips 1

Her skal vi altså fram til ein funksjon s, ikkje s(t), men s(x) sidan x er kor langt Christian har kome.

Tips 2

Erstatt t i formelen for s(t) med formelen t(x).

Løysingsforslag

s(x)=0,304t=0,304·t(x)=0,304·2,17x=0,66x

d) Kva fortel formelen i oppgåva over oss?

Løysingsforslag

Formelen fortel oss at for kvar km Christian syklar, syklar Tove 0,66 km eller 660 m.

e) Kor langt har Tove sykla når Christian har sykla 5 km?

Løysingsforslag

Her har vi at  x=5. Då får vi

s(5)=0,66·5=3,3

Tove har sykla 3,3 km når Christian har sykla 5 km.

Jente som drikk vatn frå flaske på fjelltur. Foto.

f) Ein av fjellturane dei liker godt, er 6,9 km lang. Dei hadde kvar sin tur, og Christian (som skrytte av at han tok det roleg) brukte 1 time og 9 minutt. Tove, derimot, hang i stroppen og sleit seg inn til 1 time og 40 minutt.
Lag eit uttrykk t(x) som viser kor langt Tove har gått som ein funksjon av kor langt Christian har gått.

Tips

Her må vi gjere tilsvarande som i oppgåvene over, men vi kan ta nokre snarvegar.

Løysingsforslag

Vi fann i oppgåve c) at vi enda opp med å multiplisere dei to forholdstala for km/min for Tove og min/km for Christian.

Tove:

1h 40min=60 min+40 min=100 min

6,9 km100 min=0,069 km/min

Christian:

1h 9min=60 min+9 min=69 min

69 min6,9 km=10 min/km

Vi får

s(x)=0,069·10x=0,69x

g) Er Christian like rask i forhold til Tove på fottur som på sykkel?

Svar

Tove kjem lenger per km Christian har kome på fottur sidan konstanten i formelen for fottur (0,69) er større enn for sykling (0,66). Christian er derfor ikkje like rask i forhold til Tove på fottur som på sykkel (sjølv om forskjellen ikkje er veldig stor).

CC BY-SASkrive av Tove Annette Holter og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 26.08.2021

Læringsressursar

Funksjonsomgrepet