Hopp til innhald

Fagstoff

Finansiering

Skal du starte ei bedrift, treng du pengar til å dekkje utgiftene. Du skal kjøpe utstyr, leige lokale og ta ut lønn. Korleis skaffar du desse pengane? Finansiering dreier seg nettopp om dette.
Ung gründer som treng pengar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis skal du skaffe pengane?

Ei ny bedrift må skaffe pengar til for eksempel husleige, IKT-utstyr, råvarer og handelsvarer.

Når du har laga ei liste over dei utgiftene bedrifta di vil ha i oppstartsfasen, må du vurdere korleis du skal skaffe pengar til å dekkje desse utgiftene. Du må altså finne ut korleis du skal finansiere bedrifta di, korleis du skal skaffe kapital.

Kapital

Med kapital meiner vi rett og slett pengar – pengar som du kan bruke til å dekkje utgifter til husleige, utstyr og lønn.

Korleis skal du skaffe kapital til bedrifta? Du kan

  • bruke pengar du sjølv eller forretningspartnaren din har spart opp (eigenkapital).
  • låne pengar i banken. Det kallar vi også gjeld, det vil seie at du er skuldig pengar.

Når du søkjer om lån frå banken, er det viktig at forretningsplanen din fortel korleis du har tenkt å tene pengar på bedrifta. Forretningsplanen bør vise at det er sannsynleg at du greier å tene pengar, slik at banken seinare får att pengane dei har lånt deg – med renter.

Forsikring

Hugs at du må teikne forsikring for bedrifta di så snart du startar opp. Skulle du oppleve brann eller tjuveri, kan du då få verdiane dine attende.

Viktige begrep

  • Kapital = pengar
  • Finansiere = å skaffe pengar til ei bedrift
  • Eigenkapital = pengar som ein person eller ei bedrift eig sjølv
  • Gjeld = lån, pengar lånt i banken

Tips

Ei bedrift bør tole å tape pengar i førstninga. Men dersom eigenkapitalen er for låg, toler ikkje bedrifta det. Eigenkapitalen bør derfor utgjere minst 40 % av finansieringa.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.11.2017

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift