Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Yrkesetiske retningslinjer

Yrkesetiske retningslinjer gir råd om korleis du kan løyse etiske dilemma som oppstår i arbeidet. Fagorganisasjonane som organiserer dei tilsette i helse- og omsorgstenestene, har utarbeidd etiske retningslinjer for medlemmene sine.
Fire helsefagarbeidarar sit saman i rapportmøte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Bruk lenkjene under til å gjere dykk kjende med dei yrkesetiske retningslinjene for medlemmene av kvar av dei to fagorganisasjonane som mange helsefagarbeidarar er medlemmer av. Samanlikn retningslinjene og svar på det følgjande:

    1. Kva punkt er samanfallande for begge organisasjonane?
    2. Kva er ulikt?
  2. Kva punkt tenkjer du burde vore med i tillegg det som står i dei yrkesetiske retningslinjene? Diskuter med ein medelev.
  3. Lag ein digital plakat med eigne forslag til yrkesetiske retningslinjer for helsefagarbeidarar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2020

Læringsressursar

Etikk for helsefagarbeidaren